Råkeneset 

Type:
Ubetjent
Overnatting:
8 senge­plasser
Område:
Sesong:
Solund i Sogn og Fjordane
Lat/Long: 61°6'50"N, 4°49'48"E

Sogndal Turlag

Råkeneset er DNTs vestligste hytte og er ein gammal husmansplass som ligg på Råke nord om Hardbakke i Solund kommune. Området rundt dei gamle husa er ein fredleg stad, med slåttemark, svaberg og det vakre sundet inn til Råke.   

All bebyggelse og mykje av omgjevnadane er freda av Riksantikvaren, noko som krev varsam framferd når ein oppheld og overnattar i huset på Råkeneset.

Det 250 år gamle stovehuset fortel si eiga historie om livet til fiskarbonden som i arbeid og kvile fann sitt utkome på Råkeneset. Det kan vere verdt å tenkje på når ein stig inn i det vesle stovehuset. Sjølv om ”bruk er den beste form for vern”, må ein merke seg at dette er eit heller skjørt byggverk, som krev at ein er varsam når ein oppheld seg i huset.

Kjøkenkroken er tilrettelagt med gasskokeapparat og kokekar i tillegg til dekketøy. Drikkevatn finn ein i dunkar som er plasserte ved inngangsdøra. Merk: dette må berre nyttast som drikkevatn. Vatn til vask og reingjering finn ein i brønnen. Merk: Ver varsam når ein opnar luka til brønnen.

Turruter i nærleiken av Råkeneset

Fjellområda aust for Råkeneset og Råke er dei blant dei vestlegaste i landet. Få høgdemeter opp frå stranda har ein storslagen utsikt over øyar, spanande landskap, vakker kyst og Nordsjøen. Stiane er ikkje godt merka, men turen opp til Pollatinden (541 moh) når ein frå Råke og lenger nord i nærleiken av p-plassen. Har ein kajakk gjev øyane vest for Råkeneset mange spanande opplevingar.

Dette er ikkje tillete på og ved Råkeneset

  • Ein må ikkje påføre skade eller foreta seg noko som kan skade inventar eller bygningar.
  • Telting er ikkje tillete på den del av Råkeneset som er verna, sjå oppslag. Dette må føregå i utmark og ikkje på innmark, etter dei reglar som gjeld jfr. allemannsretten.
  • Ein må ikkje kaste stein på sjøen.
  • Det må ikkje tennast open eld eller nyttast grill som vert plassert rett på mark, stein eller svaberg. 

Prisar for overnatting

Medlemmer DNT / ikke medlemmer:
Vaksne: 150,- / 200,-
Ungdom: 75,- / 100,-
Barn (0-12 år): Gratis / gratis

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.