Vi jobber med å oppgradere UT.no! Ta gjerne en titt på betaversjonen på ny.ut.no. Du finner helt sikkert masse feil og mangler, men vi setter uansett stor pris på tilbakemeldinger.

Torvedalshytta 

Type:
Selvbetjent
Overnatting:
24 senge­plasser
Område:
Sesong:
815 moh. i Voss i Hordaland
Lat/Long: 60°49'25"N, 6°19'57"E

Voss Utferdslag

 

Torvedalshytta ligg i trekanten mellom Engjalandsdalen, Myrkdalen og Eksingedalen.  Dei to hyttebygga ligg fint til på halvøya som går ut i mot Torvedalsvatnet omlag 800 m over havet. Til saman er her 16 køyer med hems, og rikeleg med ullteppe. Her er vedfyring, utstyr for matstell og propan til koking.

Hovudhytta inneheld eit stort opphaldsrom med kjøkkenkrok, vaskerom, gang og lager med eit rikhaldig utval proviant. Der er to soverom med til saman åtte senger, i tillegg hems i begge ender. Hytta sto ferdig i 1991.

I sikringshytta er det eit opphaldsrom med kjøkkenkrok, matbord og hems.  Der er også ein gang, og eit soverom med fire senger.  Hytta var bygd i 50-åra og er i god stand. Hytta/selet er eigd av Jan Erik Prestegård.

Begge hyttene har lys frå solcelleanlegg og propananlegg til koking. Opphaldsromma har vedomnar til oppvarming. I uthuset er doen og lager for ved og gass.

Som dagstur kan Torvedalshytta nåast på T-merka sti enten frå Gullbrå eller frå Engjaland.  Som fleiredagarstur kan ein frå Voss gå på T-merka sti frå Bavallen eller Mølster via Volahytta til Torvedalen.  Ein er no inne i stinettet til Sølsheimen og herifrå er det også T-merka stier mot Selhamar og Målset. Terrenget rundt Torvedalen er vakkert og variert. Det er fine turmål både for barnefamiliar og dei som ønskjer lengre turar i området, så vel sommar som vinter. Kvitanosi med sine 1433 meter over havet er i så måte ein klassikar.

Turkart: Stølsheimen - Nærøyfjorden
Kartblad:1316 III Voss

 

Fasiliteter
  • 12V
  • Kortbetaling
  • Teltplass
  • Vedovn
  • Barnevennlig
  • Bade
  • Fiske
  • Turpost
Tilrettelagt for
  • Hund
Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.