Flatsteinbu 

Type:
Nødbu
Overnatting:
Lite egnet
Område:
Sesong:
1260 moh. i Stryn i Sogn og Fjordane
Lat/Long: 61°41'46"N, 6°52'38"E

Flatsteinbu ligg på eit fjellplatå mellom Kvamsdalen og Brenndalen, like ved kanten av Jostedalsbreens enorme iskappe. Hytta er privat, men open for alle som vil bruke den. Dei som overnatter på hytta legg penger på bøssa som oppgjer for overnatting og bruk av brensel og lys.

Hytta er på 19 kvm og det går greitt å ligge 10-12 personar på hems, brisk og golv.  I tillegg er det soveplass til 5-6 personar i sikringsbua. Der er det også gassoppvarming og kokemoglegheiter.

Anmarsj til Jostedalsbreen er svært kort. Frå hytta går stien ca. 350 m sørsørøst langs fjellet og svingar bratt opp mot to kjegleforma grusmorener. Inngangen på breen ligg like bak disse. Breen er her ganske flat. Ein følgjer no breens lågaste punkt innover i austleg retning. Etter kvart vil ein svinge meir i nordaust og breskjær 1673 vil dukke opp. No vil etter kvart Kjenndalskruna også dukke opp mot aust. Frå dette punktet kan ein no velge ruter mot nord, aust eller sør på breen.

Flatsteinbu vart reist i 1969 av nokre ivrige oldedøler, og all bygningsmateriale er bore opp til 1260 moh. Hytta vart restaurert og utbygd i 2005.

Annonse

Annonse
Turforslag i nærheten
Henter turer...
Hytter i nærheten
Henter hytter...

Værvarsel og solkurve

blog comments powered by Disqus

Google Translate Disclaimer

Vis på norsk

UT.no offers translation provided by Google Translate, to support site visitors around the world who would like to know more about our offering and services.

Google Translate is a free, automated service that use technology and data to provide translations for informational purposes only. Translations through this service is not officially approved by our organization. UT.no cannot claim responsibility for content in any other language but Norwegian, and cannot guarantee accuracy or reliability of the translation provided.

Any individual or party that choose to use Google Translate or similar tools for translation of UT.no content, do so at their own risk. UT.no is not responsible for any damages or issues that may occur due to translated content, that is not officially approved by the organization.