Stord-Fitjar Turlag

Stord-Fitjar Turlag vart stifta 14. mars 1994. Laget har over 1000 medlemmer og er eit lokallag under Bergen og Hordaland Turlag og Den Norske Turistforening.

Vårt føremål er å stimulera til sikkert og miljøvennleg friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar Stord og Fitjar. Våre viktigaste oppgåver er å arrangera fellesturar og driva kulturarbeid i fjellet, samt merka, varda og vedlikehalda stiar. Me vil og vera til hjelp for dei som tek ut på tur åleine. Turlaget skal sammarbeida med grunneigarar, lag og organisasjonar som har interesser i same området. Me ynskjer og å sikre turområder mot tekniske inngrep t.d. motorisert ferdsel og utbygging.

Organisasjonsnummer: 993906794

Annonse