Kvinnherad Turlag

Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening / Bergen og Hordaland Turlag. Vi samlar turforslag for heile Kvinnherad som er aktuelle og oppdaterte. Her får du mykje inspirasjon til turar i Kvinnherad!

På denne linken finn du eit samla oversyn over merkte stiar fordelte på geografiske område i kommunen:
MERKTE TURSTIAR I KVINNHERAD

Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998, og skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen. Moglegheitene i nærmiljøet er mange, både når det gjeld turar på ski og til fots. I Kvinnherad har vi ein unik natur som vert nytta av mange turgåarar og som kan gje utfordringar for dei som ynskjer å driva bre- og klatreaktivitetar.

Kvinnherad Turlag sitt organisasjonsnr. 993770892.

Annonse