DNT Sogn og Fjordane

DNT Sogn og Fjordane vart skipa i 1983 og fyrste leiar i laget var Eivind Skjerven frå Stryn. Sju lokallag slutta seg til fylkeslaget ved oppstart, men alle dei andre laga kom til etterkvart. Nåverande styreleiar er Siv Merete Stadheim, som er busett i Førde.

DNT Sogn og Fjordane med sine ca 8000 medlemer og 14 lokallag er den største friluftsorganisasjonane i Sogn og Fjordane. Barna sitt Turlag har 26 eigne lag i fylket, 7 DNT-ung lag og 5 hav- og fjellsportgrupper.

I år har vi over 350 heildagsturar på programmet. I tillegg kjem alle dei lokale midtveketurane som vert annonserte etterkvart.

Annonse