Arkivert artikkel

Denne artikkelen vil ikke lenger bli oppdatert. Mer informasjon

Noreg på det vakraste!

Ytst i Sognefjorden kan du finna eit ekte paradis!

Kilde: Fjell og Vidde nr. 2, 2012

– Lofoten er det fyrste som slår meg.
– Eller Helgelandskysten.
– Mest ei blanding av dei båe, med noko snillare formasjonar vel å merkje.

To turfylgjer sit i stearinljoset i stova på Råkenest og let dei fyrste inntrykka frå annleislandet Solund sige inn. Utan heilt å verte einige om kva bås det nyoppdaga området skal inn i. Bortsett frå at båsen er ein av dei beste.

  • Planlegg sumaren no på UT.no!

Husmannsplass Råkeneset

Nokre timar tidlegare parkerer vi bilen ved eit lite treskilt som tydeleg fortel at vi nærmar oss den 250 år gamle husmannsplassen Råkeneset, som i 2009 vart DNT sin vestlegaste utpost.

Sjølv om vi ikkje har gått eit steg ennå, følast dei 22 kilometrane vi har køyrt frå ferjeleiet, som starten på eit lite eventyr. Krokut, smal veg mellom små vatn, raud lyng, berg, knausar og fjell, har allereie sjarmert oss i senk.

Brått stoppar ein bil tretti meter bak oss. Som den folkesky valdrisen eg er, er fyrste tanke «fillern». Håpet var at ingen andre hadde oppdaga denne noko gøymte DNT-hytta lengst ut i Sognefjorden, og at vi skulle få nyte kveldane heilt åleine.

– Æ de du Hallgrim? høyrer eg i det døra går opp og ein smørblid sørlending med namn Marie kryp ut. Marie er kollega frå jobben, og vel kjent for ein latter som både smittar og høyras – frå lunsjrommet og heilt inn i dei mest bortgøymde møterom.

All uro er med andre ord brått borte, og snart har Maries gjeng på tre og gjengen vår på fire blitt til ein stor og særs godt nøgd turgjeng. Vi har ferie og er på førstereis i Solund, alle som ein.

Planen med å reise til akkurat Solund, er at her kunne vi få vera litt schizofrene i aktivitetsvegen, noko ein gjerne er no om dagen. På taket var det kajakkar og padleårar, mens bilen var stappande full av alt frå symjeføter og tursko, til klatreutstyr, fiskestengjer og ein anstendig fryseboks med mat.

Triveleg møte i havgapet

Også turfylgjet var ein smule utanfor boksen. Her var ein nord-svenske, ein valdris og eit syskenpar frå Førde (i tillegg til sørlendingen og dei to sogningane som og hadde funne vegen lengst ut i fjorden denne kvelden).

Planen var å bruke Råkeneset som base for ekspedisjonar på passe lågt nivå her heilt ute i havgapet.

Fyrst ut i rekkja med utfordringar var padleturen ut til hytta. Rusleturen ut er på skarve kvarteret, men når kajakkane er klare, og kan sjøsettas tjue meter frå parkeringa, er det klart det skal padlast.

– Ja, men hvadååå? kjem det snart frå ein noko missnøgd nord-svenske
(Emma).

Ho ser mildest talt opprådd ut der ho har teke plass i havkajakken. Det er ikkje berre lett å navigere ein slik farkost for fyrste gong. Men etter eit par grunnstøytingar og ein liten bryggekrasj er både Emma og eg halvpadla ut til hytta.

Klar over at ferdigheitsnivået ikkje er heilt der det burde vere, held vi oss temmeleg nært land på den korte padleturen rundt neset.

Etter ein middag heilt på nivå med det beste ein får på betente hytter fleirfaldige meter høgare over havet (såpass kort frå bilen skulle det berre mangle at det ikkje vart posepasta?), er vi snart i gong med diskusjonen om kva dette terrenget eigentleg liknar på. Du veit, den om Helgelandskysten og Lofoten. Diskusjonen dreg seg både ut av landet og lenger sør før Marie skjer gjennom:

– Heilt einige vert vi ikkje. Men unikt, vakkert og veldig anvendeleg er det, konkluderer ho.

Fiskelukke

Godt nøgd med den konklusjonen tek veslebror frå Førde, Lars, og eg turen ut for å freiste fiskelukka. Det er trass alt over to timar sidan middag, og på tide å tenkje på kveldsmaten.

Med kvar vår kajakk og kvar vår harpe til førtini kroner frå Clas Ohlson finn vi snart ein teknikk som fungerer: padle nord i vika og la seg blåse til sørenden medan vi nuppar i snøret alt vi er gode for.

– Trur det er fisketomt her, prøver eg meg etter ein knapp halvtimes resultatlaus fisking. Som innlandsgut frå Valdres er eg van med at når ein fyrst slengjer ut reiskapen i havet, då sit fisken. Kjapt.

Heldigvis for oss har førdianaren meir tålmod, og etter ein ny halvtime er heile gjengen nok ein gong i stova, andektige rundt ei stor panne med smørsteikt lyr. Sjølve gofisken.

Pollatinden (542 m.o.h.) er turmålet neste dag. Marie og hennar vener har allereie teke turen, og lovar oss at kommentaren i den smått legendariske boka «Opptur Sogn og Fjordane» om at «her er det lite merka», i aller høgste grad ikkje er gyldig lenger.

– Sju, åtte, ni … minst. Jau, her har det skjedd noko.

Iris står og reknar vardar oppetter stigen. Dei står tett som snømenn i ein barnehage etter fyrste snøfallet. Alle med ein solid raud T. Det er med andre ord liten risiko for å gå seg bort på veg mot toppen, sjølv om vi bevegar oss på berggrunn av typen konglomerat, som stort sett heile kommunen består av.

Heilt frå bilvegen har utsikta vore upåklageleg for ein som er mest van med høgfjellet, og når me fyrst kjem til den 542 meter høge toppen, kjens det som om me kan sjå heilt til Panama. Sjølv om det er ei lita overdriving, ser vi i alle fall nokre hundre øyar.

– Dei seier det er fleire øyar enn innbyggjarar i kommunen, veit du, informerer Iris oss.

Folketalet har gått jamt ned dei siste åra, og er på omlag 850 no, så den påstanden stemmer kanskje.

Knott , kort og kajakk

Det er kveld på Råkeneset. Marie og gjengen har leigd seg kajakkar i kommunesenteret Hardbakke og teke turen ut i øyriket. Det er berre oss igjen på Råkeneset. Og ja, om lag fire millionar knott (eller «smikka» som det heiter på solundsk).

Eit lag tek ansvar ved grillen, mens eit anna tek turen ut med kajakkar og fiskeutstyr. Men denne kvelden sviktar visst fiskarane totalt, og grillen får prøve seg på kjøtstykke frå fryseboksen i staden for fisk. Heilt ok.

– Dette går ikkje lenger, stønner eg, kort tid etter at siste kjøtstykke har funne vegen ned halsen. Knotten har nemleg vorte like demonisk i aggressivitet som i mengde, og den gjev oss lite anna val enn å finne vegen inn.

Men kven har sagt at kortspel og skitprat er ein dårleg måte å bruke ein sumarkveld på? Særleg på Råkeneset. Der kvar krik og krok av den 250 år gamle stova har ei historie å fortelje. Den er faktisk ein av seks husmannsplassar i Noreg Riksantikvaren har verna.

Her er med andre ord både dei småruta gardinene, den eldgamle gostolen og dei grove stokkane i veggen så autentiske som det er mogleg å få dei.

Åleine i paradis

Knotten har heldigvis teke sugepause neste morgon. Og vi begynner så smått å forstå at vi er i paradis. Og best av alt: åleine i paradis.

– Tenk at vi er her heilt for oss sjølve, gliser Iris, i det vi har teke med oss frukosten utandørs og sit på kvar vår stein og ser ut over øyane, havet og sola.

Rundt oss på alle kantar er sumaren på sitt aller frodigaste. Bak oss stig berga i veret. Det er nesten for ille, tenkjer eg. Utan å seie noko. At ein skal få ein så fin plass for seg sjølv ein perfekt dag i starten av august. Men nei. Dette er ikkje ille. På nokon måte. Dette er berre bra. Dette er ferie.

– Friskt nog! underdriv Emma i det ho stikk hovudet opp frå vatnet.

Frukosten feirast med eit bad, og same kor idyllisk vatnet ser ut, er det Nordsjøvatn vi sym i. Direkte varmt vert det aldri. Men etter eit par stup og obligatoriske, barnslege hyl, er det faktisk leveleg der ute. Bukta vår vert undersøkt med snorkel og maske, utan at nokon gjer dei heilt store oppdagingane.

Mot klatreveggen

Ein utvask og ein padletur seinare er vi tilbake ved bilen, og snart er vi ved turens siste aktivitetsstopp, klatrefeltet ved kommunesenteret Hardbakke. Vi skjønar snart at vi har brukt noko lang tid på å kose oss før på dagen, så etter litt for lite klatring er meldinga frå Iris klar.

– Vi lyt dra !

Og det gjer vi. Eller rettare sagt, vi råkøyrer mot ferjeleiet. Og rekk det akkurat. Iris og Lars skal heim til Førde med fyrste ferje. Eg og Emma skal vidare til naboøya Losna med dagens siste, for å fortsette oppdraget vårt lengst ute i Sognefjorden der.

Idet førdianarane forsvinn med ferja rundt neset ved Krakhella, dreg Emma turens til nå feitaste lyr opp på svaberget. Når vi ein time seinare nyt primusmiddagen med smør, lyr, salt og pepar, kjenst det som om det skin ei sol, ikkje berre over oss, men over livet.

Friluftsliv ved kysten

Fekk du lyst på ein tur til fjord, hav og salt sjø etter å ha lest om Solund og Råkeneset? Ta eit morgonbad og kjenne om fisken bit til middag, padle kajakk, gå barbeint på solvarmt svaberg?

Det fins ei rekkje hytter som er opne for alle langs kysten. Ei rekke finn du under kystledhytter på UT.no.

DNT har blant anne desse hyttene som ligg i fjæra: Sildevika, Camp Killingen, Guvåghytta, Gården Li, Imarbu, Nordvikgården, Indre Syltevik og Gjælentunet.

I tillegg kan du overnatte på ei rekkje fyr langs kysten, til dømes Geitungen, Runde, Skongenes, Grønningen, Torungen og Lyngør.

Les også: Fra fyr til fyr på Sørlandskysten

Se også: kystled.no