Arkivert artikkel

Denne artikkelen vil ikke lenger bli oppdatert. Mer informasjon

Slik syr du din eigen anorakk

– Anorakk er eit fint nybegynnerprosjekt, seier Vegard Øye frå Det store symesterskapet på NRK.

Silje i anorakken Vegard har sydd

HEIMELAGA: Sjølsydd er velsydd. Vegard Øye frå Det store symesterskapet har sydd anorakken Silje Eklund har på seg.

Foto: Vegard Øye

Raude og blå anorakkar har pryda fjellfolket sidan 1950-talet. Det vindtette bommullsplagget er ein gjengangar i bekledninga både til fjells og i lavlandet, og mange har leita fram gamle eksemplar fra kottet.

Men bestefar sin gamle jakke begynner gjerne å bli litt falma og holete. Så kvifor ikkje starte ditt eige sy-prosjekt?

Vegard Øye har sydd skiklede gjennom bedrifta si Øye Wear i fem år, og i haust deltok han i Det store symesterskapet.

Her gir han deg gode tips om korleis du kan bli fjellfin.

Før du startar

Å sy ein anorakk kan vere ekstra spennande fordi du kan designe eigen lommer og fritt velje størrelse, fasong og farge. Det er utgangspunktet eit enkelt plagg utan fôring, glidelås som opning og mange detaljar.

– Det er omtrent som å sy ein hettegensar, der du kan auke vanskegrada ved å legge inn fleire detaljar, seier Vegard.

Vegard fortel at ein kan tenke på plagget som eit stort puslespel.

– Først må du klippe ut alle brikkane. Deretter kan du starte å sette dei saman, fortel den unge kleprodusenten.

Nokre av brikkane høyrer til same gruppe, som til dømes hetta som består av fire eller seks delar. Heile puslespelet kan verke skremmande stort ved første augenkast, men når ein deler det inn i mange steg er det ikkje så fryktinngytande.Nokre omgrep er lure å vite om:

1. Klipp ut delane

Alle stoff er vevd vertikalt og horisontalt. Klypp i same retning som det er vevd.

– Det er lurt å stikke fast mønsteret med nåler eller teikne opp nøyaktig der du skal klippe, fortel Vegard.

– Då slepp du at stoffet forskyv seg slik at delane blir usymmetriske.

Legg delane ut på stovegolvet for å ha oversikt, og slik ar du ikkje roter dei bort. Nokre delar skal vere like, som til dømes armane. Då kan det vere lurt å legge stoffet dobbelt når du klipper, slik at dei blir heilt like.

Også delane til hetta kan klyppes på denne måten, spesielt om du skal ha fôr inni som skal vere symmetrisk med hetta utanpå.

NRK

Triks når du klipper du delane

Klipp ut stoff

Triks når du klipper du delane

4 bilder

    2. Bakstykket

    Vegard syr bakstykket av to delar. Det er fordi han vil ha ein klaff som dekker over luftehola han skal sette inn etterpå.

    Del bakstykket i to der armhola startar. Legg til åtte cm i botn av den nedste delen. Desse skal utgjere klaffen.

    Deretter syr du saman dei to delane. Så teiknar du ein strek tvers over ryggen åtte cm over saumen. Du løftar saumen om til streken og nåler den fast. Så syr du ein ny saum på same plass for å feste bretten. Det er viktig at bretten kjem på utsida av jakka, altså motsett side av skjøten som er på innsida.

    Til luftehola bruker du maljer av metall – det kan du lese om i punkt sju i oppskrifta.

    – Anorakkstoff er ganske tett, så det er bra å ha lufting for å sleppe ut damp, fortel Vegard.

    Du kan også velje å sy bakstykket heilt enkelt utan detaljar for å gjere det lettare.

    NRK

    Slik lagar Vegard bakstykket

    Vegard syr saman bakstykket

    Slik lagar Vegard bakstykket

    3 bilder

      3. Framstykket

      Framdelen av anorakken

      FRONTEN: Du kan skille framstykke frå bakstykken ved å sjå på den firkanta halsen. Bakstykket er meir avrunda i nakken.

      Foto: Sigrid Skjerdal

      Framstykket lagar du på same måte som bakstykket, men klaffen må gjerne vere litt lenger. Det er fordi den skal dekke glidelåsen til brystlomma. Det er også fint at jakka ikkje er heilt lik framme og bak.

      4. Glidelås på lomma

      – Glidelåsen er den mest skremmande delen for mange, men det er eigentleg ikkje så veldig vanskelig.

      Vegard lærte seg eit glidelås-triks på Youtube.

      Det første du gjer er å finne midten av jakka ved å måle langs saumen under klaffen. Mål opp så breitt du vil at glidelåsen skal gå, lat oss seie 30 cm. Teikn ei linje der glidelåsen skal gå, og pass på at midten av glidelåsen er der du merka midten på jakka.

      Du markerer sluttpunkta på kvar side av glidelåsen. Så set du merker med jamne mellomrom tvers over glidelåsen og opp på jakkestoffet.

      – Desse strekane er siktepunkta du brukar for å sjå at glidelåsen ligg på riktig plass, fortel Vegard.

      Så festar du glidelåsen med nåler.

      – Stoffet i glidelåsen er ganske tjukt, så den har ein tendens til å flytte på seg. Men så lenge du siktar på merka blir det rett til slutt.

      Du syr først delen av glidelåsen som ligg øvst mot klaffen. Når du har gjort det, opnar du glidelåsen og flyttar den nedste delen øverst.

      – Det vil sjå rart ut, men blir rett til slutt! seier Vegard.

      Når du har sydd fast begge glidelåsdelane, klypper du eit hol i mellom. No vil delane vri seg inn, og glidelåsen får ein fin overgang til stoffet.

      Endane av glidelåsen som er til overs, brettar du ned på baksida, og klipper av det som er til overs.

      NRK

      Slik lagar du glidelåsen

      Slik festar du glidelåsen på lomma

      Slik lagar du glidelåsen

      9 bilder

        5. Lomma

        Her er det plass til kunstnerisk fridom. Det er enkelt og greitt å sy på ei lomme bak framstykket. Fest den øvste kanten i saumen der klaffen går ut. Då synes den ikkje utvendig.

        Når du syr fast sidene på lomma og nederste kant er det viktig at du syr beint. Desse saumane blir nemleg synlege utanpå anorakken.

        Eit alternativ er å lage eit ekstra framstykke som er like stort som det første når det er sydd saman. Det syr du på bakom. Då kan du berre sette ein saum midt på for å avgrense lomma, og glidelåsen syr du på som vanleg. Då kan du også lage lommer lenger nede på anorakken.

        NRK

        Slik syr du lomma

        Lomma på anorakken 2

        Slik syr du lomma

        3 bilder

          6. Hetta

          – Det som er vanskeleg med å sy, er å få noko som er flatt til å bli tredimensjonalt, fortel Vegard.

          Trikset til Vegard er å sy sakte, og å passe på at delane ligg riktig.

          Fest den avrunda delen saman med den rette delen av hetta, finside mot finside. Gjer det same på andre sida av hetta. Når du har sydd saman dei tre delane, vrenger du dei og syr ein stikning langs begge saumane.

          Om du syr med fôr, monterer du to like hetter. Du syr dei saman ved å legge dei finside mot finside, og legg ein saum langs den rette kanten. Dette blir opninga på hetta. Når du vrenger dei kjem dei fine sidene ut. Sy ein stikning langs kanten på hetta.

          Vegard valde å ha fleece i hetta. Det er deileg å ha på, men er meir utfordrande å sy i.

          – Fleece har mykje stretch og er tjukkare enn anorakk-stoff. Om du vil gjere det lettare kan du lage hetta utan fôr, fortel Vegard.

          Der bogen på hetta slutter, set du maljen som skal vere knappehol. Den skal berre gå igjennom ytterstoffet, ikkje fôret!

          No skal du sy løpegang til tråden som skal vere straming på hetta. Det er viktig å sette nåler slik at dei to stoffa ikkje glir frå kvarandre. Løypegangen er ein stikning som går frå knappehol til knappehol.

          – Eg bruker ei sikkerheitsnål eller hårnål til å dra tråden igjennom. Det gjeld å vere forsiktig, slik at du ikkje dreg med deg lause trådar i løypegangen, fortel Vegard.

          Til slutt syr du hetta saman i botn, slik at dei blir lettare å montere på jakka etterpå.

          NRK

          Slik syr du hette

          Hette på anorakken

          Slik syr du hette

          8 bilder

            7. Maljer

            Når ein set på maljane til å ha snøring eller lufting kan det vere lurt å sette på ein ekstra stoffbit eller teipbit på baksida. Slik skånar du stoffet, og maljen blir meir solid.

            – Særleg i starten slo eg maljene for hardt inn. Då kan stoffet ryke rundt kanten, fortel Vegard.

            – Difor er det viktig å vere forsiktig når du slår maljen inn.

            Det står ei bruksanvisning bak på boksen med maljer når du kjøper den på ein sybutikk. Om ikkje er det berre å spørre om rettleiing i butikken.

            Maljer

            MALJER: Desse kan brukes både til luftehol og til strammetrådar.

            Foto: Sigrid Skjerdal

            8. Montering

            Start med å montere skulderpartiet. Det er dei 15-20 cm som går skrått frå halsen og ned mot arm-opninga.

            Legg finsida på bakstykket mot finsida av framstykket. Nål saman i skuldrene, og sy saman. Gjer det same med armane - legg finsida på armane mot finsida av skuldrene. Fest med nåler og sy. Sy stikningar over desse saumane som blir synlege ut.

            Når begge armane er festa til skuldrene, er det klart for å lukke kroppen på anorakken. Legg igjen finsida på bakstykket mot finsida på framstykket. Nål saman heilt frå botn av anorakken til ut på ermet. Sy alt saman i ein lang søm. Gjer akkurat det same på den andre sida.

            No skal hetta festast på, og plagget begynner verkeleg å likne ein anorakk. Begynn med å finne midten bak i nakken. legg utsida av hetta mot utsida av jakka. Nål hetta fast ned til midten av halsopninga. Gjer det same på andre sida av hetta, slik at endane overlappar i halsopningen.

            Vegard sin mal hadde veldig spisse hjørner i halsopninga. Det kan vere lurt å runde av halsen litt, slik at hjørna ikkje blir så vanskelege å sy.

            NRK

            Montering av anorakken

            Montering

            Montering av anorakken

            4 bilder

              9. Løpegang til strikk nedst

              Nedst kan du sy ein løpegang til strikk eller snøre. Brett først inn ein liten kant. Bruk strykejern eller nåler for å feste den. Deretter slår du i maljene der strikken skal komme ut på sidene.

              Slå maljene på før du syr den breiare kanten fast.

              Merk av ein breiare kant, og fest med nåler. Her er det viktig å vere nøye på at stoffet ikkje flyttar seg. Når du syr på den breie kanten er det viktig å vere på linje med den nedste kanten.

              NRK

              Slik syr du løpegang til stramming

              Løpegang til strikk

              Slik syr du løpegang til stramming

              5 bilder

                10. Ribbestoff på armane

                Klipp 10 cm breitt og 15 cm høg bit av ribbestoffet. Sy saman til ein sirkel, og brett opp slik at den blir halvparten så lang.

                Marker på midten og halvvegs rundt på opninga av armen. Tre sirkelen av ribbestoff utanpå opninga, og fest med nåler. Pass på at du fester slik at det ikkje forskyver seg når du syr.

                Armar kan også bli kjøpt ferdige, men det er billigare å sy dei sjølv. Du kan også velje å ha strikk nedst i armane, eller berre sy inn ein kant.

                NRK

                Slik kan du lage brotet på armen

                Brotet på armen

                Slik kan du lage brotet på armen

                3 bilder

                  Lykke til!