Arkivert artikkel

Denne artikkelen vil ikke lenger bli oppdatert. Mer informasjon

Fjellvettregel nr. 6

Bruk kart og kompass.

Kartlesing

Nr. 6: Bruk kart og kompass.

Foto: Hallgrim Rogn / DNT

Ta alltid med kart og kompass på turen, og lær deg å bruke det. Bruk alltid dei nyaste utgåvene av karta.

Studerer du kartet før turen og teiknar inn ruta du skal gå, har du lagt grunnlaget for ei sikker gjennomføring av turen.

Følg godt med på kartet også når det er klarvêr og god sikt, så veit du heile tida kvar du er. Når vêret fyrst tjuknar til, kan det vere vanskeleg å fastslå nøyaktig kvar du står.

Les kartet framover, og merk deg punkt som du kan kjenne att.

Lit på kompasset.

Bruk kartmappe festa rundt halsen og livet. Eit laust kart kan lett takast av vinden.