Arkivert artikkel

Denne artikkelen vil ikke lenger bli oppdatert. Mer informasjon

Friluftslivet si grunnlov – no også på nynorsk

No kan du «melde frå kvar du går», ikkje berre «melde fra hvor du går».

Astrid Kalstveit i DNT og Marit Aakre Tennø heng opp fjellvettreglane på nynorsk

FJELLVETTREGLANE PÅ NYNORSK: Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag og Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag heng opp fjellvettreglane på hytta Fivla i Breheimen

Foto: Knut Webjørnsen

I dag kjem fjellvettreglane også på nynorsk - nesten femti år etter dei vart lansert på bokmål i 1967.

Turistforeningen og Noregs Mållag har samarbeida om å gjere dei tradisjonsrike reglane tilgjengelige på begge målformer.

– I fjor var det grunnlovsjubileum, og då omsette me grunnlova til nynorsk. Fjellvettreglane er som friluftslivet si grunnlov, og då er det passande å få dei på nynorsk i friluftslivets år, seier leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø.

Nynorsk er trendy

Gut med fjellvettreglane på nynorsk

Her er dei, fjellvettreglane for små og store på tur.

Foto: Knut Webjørnsen

Nynorsk står sterkare enn på lenge, fortel mållagsleiaren. Turistforeininga dekkar heile Noreg, og for dei er det ekstra viktig å syne mangfaldet i landet.

– Mange av dei mest populære fjellområda våre ligg i nynorskkommunar, påpeiker mållagsleiaren.

Sjølv bur ho i Jostedalen, i smørauget mellom Breheimen og Jostedalsbreen.

– Det er lettare å halde på nynorsken når folk ser det rundt seg. Symboltekstar som fjellvettreglane er ekstra viktige slik.

Fjellvettreglane på nynorsk

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening

2. Meld frå kvar du går

3. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane

4. Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev

5. Lytt til erfarne fjellfolk

6. Bruk kart og kompass

7. Gå ikkje åleine

8. Vend i tide, det er inga skam å snu

9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt