Arkivert artikkel

Denne artikkelen vil ikke lenger bli oppdatert. Mer informasjon

Slik søv du ei natt i naturen

Her er oppskrifta på korleis natta ute vert trygg, behageleg og ei stor naturoppleving.

Stig Øystein Schmidt

NATT I NATUREN: – Har du førebudd deg og kledd deg godt, trur eg dei fleste vil bli overraska over kva for ei naturoppleving ei natt ute er, seier Stig Øystein Schmidt.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / DNT

Ei natt ute, treng ikkje vera oppskrifta på forfrysing og søvnlause. Ikkje dersom du veit kva du treng kle deg i - og ha med deg.

Stig Øystein Schmidt har sove ute mellom 30 og 40 netter på vinterstid. Både i telt, snøhole og under åpen himmel. Han er ein av fire som i Friluftslivets år gjer deg UTeTriks på UT.no, og her deler han fleire tips:

– Det eg likar best med å sova ute om vinteren, er å legga meg under ein krystallklar stjernehimmel med bålet putrande attmed meg, og å vakne opp i frisk luft, fortel Stig Øystein.

Nanook og Tristan

KVELD: Bålkos før sengetid. Eit av fleire turbilete merka med #nattinaturen og #utno

Foto: @tristranssaga/Instagram
Ingebjørg Eitrheim Nondal

NATT: Vakna av at det regna, men drog fjellduken godt over meg, og sov tørt og varmt heile natt, fortel Ingebjørg Eitrheim Nondal om denne opplevinga.

Foto: @utetid_net/Instagram
Sover ute i gapahuk

MORGON: Greie utsikt ifrå senga mi. Nå ska kaffien nydast, seier Reidun Madland.

Foto: @reidunmadland/Instagram

Klesval på vinterstid

Ull er gull: Frys du, vert både natta og opplevinga fort øydelagd. Fyrste bod når ein skal sova ute, er å kle seg rett. Lag på lag med ull er tingen. Eitt lag med undertøy, eitt eller fleire mellomplagg og eitt ytterplagg. Unngå bomull. Det isolerar dårleg, og då vert du fort kald.

Det innerste plagget: Bør vera av ull og sitja tett inntil kroppen. Ull absorberer fuktigheit utan at plagget virkar vått, samtidig som det beheld varmeisoleringa. Hua og vottar er obligatorisk.

Mellomlaget: Det kan vera ein gensar eller ei jakke i ull eller fleece. Ull held godt på varmen. Fleece-materiala har både isolerande og gode fuktigheitsledande eigenskapar og tørkar raskt.

Ytterst: Jakka skal vera vindtett og sleppa ut overflødig varme og fuktigheit.

Ved leggetid

Øverst: Hua bør vera av tettstrikka ull, ullblanding eller vera vindtett. Vottar varmar betre enn hanskar, sidan fingrane varmar kvarandre. Ein hals eller eit skjerf lunar godt når ein har lagt seg i posen for natta.

Nederst: Føtene er ekstra utsett for nedkjøling, og det viktigaste er å halda dei tørre. Bruk sokkar av ull eller andre material som isolerar og transporterar fuktigheita vekk frå foten.

Underst: Liggeunderlaget er kanskje det aller viktigaste du har med deg for ei natt ute. Eit godt, isolerande lag mellom deg og bakken, er avgjerande for ei god oppleving. Eit oppblåsbart underlag er å føretrekkja. Det bør vera minst fem cm tjukt. Vanlege luftmadrasser har alt for dårleg isolasjon, difor bør du velja eit med anten dun, fiber eller skum. Alternativet er ei fastskum-matte. Den bør vera minst 1,5 cm tjukk. Det aller beste er ein kombinasjon av ei fastskum-matte og eit oppblåsbart underlag.

Soveposen: Må tola ein god del minusgarder. Har du ikkje vinterpose, kan du bruka to sommarposar i staden. Du kan òg stiga inn i silkelakenposen før du legg deg i soveposen, det gjev deg fem grader ekstra å gå på.

Hovudlykt: Stjernene vil forhåpentligvis lysa på deg, men skal du sjå godt, treng du litt ekstra hjelp.

Lure triks

  • Fyr opp eit bål. Ikkje berre gjev det deg varme og lys, det set òg ein ekstra spiss på opplevinga. Pass soveposen for gnistar frå bålet.
  • Ikkje legg deg kald. Gå heller ein tur, leik med borna, eller ta ti harehopp før du kryp i posen.
  • Ha oversikt over kvar tinga dine er når du legg deg. Det er mørkt og uoversiktleg dersom du vaknar på natta og må leita etter hovudlykta, eller termosen med vatn.
  • Det kan vera lurt å leggja litt klede i soveposen. På den måten er ikkje det du skal ha på deg stivfrosent når du skal ta fatt på neste dag.
  • Alt anna bør du pakka ned i sekken. Ligg det laust ute, kan det i verste fall snø ned.

Selskap varmar!

Dersom du ikkje ynskjer ei natt heilt åleine, invitera med ein turkompis eller to. Selskap til skogs er veldig hyggeleg, anten du er mørkeredd eller ikkje. Og for ikkje å gløyma, selskap gjev varme. Legg ein seg tett, får ein varme heilt gratis.

Prøv ei natt i naturen. Du får garantert ei eksotisk oppleving du kjem til å sjå tilbake på med eit smil.

NB: Tipsa er skrive med utgangspunkt i ei overnatting i nærområdet. Skal du bu på høgfjellet og over lenger tid, må du ta høgde for å pakka med deg meir - og anna utstyr.

Les også:

Slik blir Friluftslivets år 2015

Vintertelttur med born (tips og video)

Vinterovernatting i snø og kulde på 1 - 2 - 3