Arkivert artikkel

Denne artikkelen vil ikke lenger bli oppdatert. Mer informasjon

Monsen gjennom bjørneland i Härjedalen

– Her får ein villmarkskjensla, seier Lars Monsen. Lokkar tette, stille granskogar og øydemark? Det finn du i Härjedalen.

Lars Monsen og Anne Rimmen

HÄRJEDALEN, SVERIGE: Med bind for auga blir Lars Monsen plassert sørvest for Orrmosjön som ligg i Lillhärdal, ca. 40 kilometer frå Sveg. Denne gongen utan kompass og midt i bjørneterreng.

Foto: Håvard Jenssen / NRK

– Eg har sett maurtuer som har fått raka av toppen. Det er bjørneland, det her. Og eg er i Sverige. Men kvar i Sverige?

Vel framme i mål hjå Anne Rimmen og Trond Strømdahl er Monsen trygg på kvar han er.

– Me er vel i Härjedalen.

Det er korrekt resonnert av Monsen. For turen gjekk denne gongen gjennom dei djupe skogane i Härjedalen som grensar til Trøndelag i vest.

  • Sjå Monsen på villspor gjennom bjørneterreng nedst i saka.

Stille svenske skogar

Härjedalen ligg i Norrland, den nordlegaste og største av Sveriges tre landsdelar.

– Her kan ein få vere einsam i fleire dagar. Går du etter merka veg møter du kanskje mange hundre personar på ein tur. Her møter du ingen, seier Bjarne Eggen som er jeger og kjentmann i området.

Lengtar du etter stilla er dei djupe gran- og furuskogane i Härjedalen staden for deg. Härjedalen strekker seg over 11 954 kvadratkilometer, og med sine om lag 10 000 innbyggjarar er dette Sveriges minst busette område.

Bjarne Eggen, Anne Rimmen, Trond Strømsdahl

LOKAL KJENTMANN: Bjarne Eggen (i midten av biletet) kan fortelje om bjørnebestanden i området. Her saman med Anne Rimmen og Trond Strømdahl.

Foto: Håvard Jenssen / NRK

– No skal eg jaggu halde auga opne for bjørnemøkk!

Lars Monsen skjønte tidleg i programmet at her gjekk han i bjørneterreng. Og visst stemmer det, for i Härjedalen kan du raskt komme over ein bamse eller to.

– Det er skote 50 bjørnar her dei siste sju åra innan ein radius på to mil, fortel kjentmann Bjarne Eggen.

På veg gjennom Härjedalen kom Lars Monsen ganske nært inn på plassen der ein mann blei angripen på 90-talet.

– Det var to karar som var ute på tur, og med seg hadde dei ein liten hundekvalp. Då hunden byrja få ferten av noko tenkte dei det var ein elg, og den eine av dei gjekk etter kvalpen for å sjå, fortel den lokale jegeren.

– Plutseleg kom hunden springane tilbake mot dei, og like bak kom det ein bjørn! Bjørnen gjekk i angrep mot den eine av dei som skreik til kompisen at han skulle skyte. Heldigvis klarte den andre karen å skyte bjørnen der han låg over kameraten, og redda slik livet hans.

Likevel meiner Eggen ein ikkje treng å vere redd for å gå tur i dette området.

Du passerer mange bjørnar utan at du ser dei. Dei høyrer deg lenge i førevegen. Så lenge du ikkje kjem over ei binne med ungar, held dei seg unna.

Men ein skal sjølvsagt ha respekt for bjørnen. Ikkje gå etter dei og prat gjerne litt høgt medan du går så dei får sjansen til å stikke av.

Ta med fiskestonga

Härjedalen har ikkje berre bjørn, men også flotte fiskevatn. Vil du fiske kan ruta Monsen gjekk vere ein fin.

– Härjedalen har mykje fiskevatn. Me har 12 rennande vatn, og mellom 15 og 20 tjern og sjøar ein kan fiske i, fortel Bjarne Eggen som både jaktar og går tur i dette området.

Lars Monsen

SOLA OG ELVENE SYNTE VEGEN: Lars Monsen blei denne gongen plassert i Härjedalen utan kompass. Her måtte han finne fram ved hjelp av sola og elvene. På grunn av at ferda denne gongen gjekk gjennom eit område med mykje bjørn, fekk Monsen ha med turkameraten Kuling på tur.

Foto: Håvard Jenssen / NRK

Aura er vanleg å få på kroken, men du kan også plukke opp både aborr, harr, gjedde og sik frå dei flotte fiskevatna.

Freistar det med fisketur til Härjedalen kan du lese meir her.

Her kan du overnatte

Er det kaffibål på morgonkvisten og lyden av regndropar mot teltduk du er ute etter? Det er god plass inne i dei svenske skogane. Vil du overnatte innandørs, finst det også fleire fjellstover og vandrarheimar i området.

Kompasslaus i gammal fjellskog

Monsen blei plassert sørvest for Orrmosjön som ligg i Lillhärdal, ca. 40 kilometer frå Sveg. Her tok han seg utan kompass til post 1, som låg i nordenden av Nedra Rottensjön. Sjølv er han strålande fornøgd med turen.

– Ein kjempeflott tur! Det var nesten som heime. Naturen minna meg om Nordmarka.

Så nær heime var det ikkje, sjølv om Monsen på post 1 var berre 15 kilometer frå norskegrensa.

Vegen mot mål gjekk i nordaustleg retning til elva Härjeån ca. 15 kilometer frå Lillhärdal. Monsen kom fram til mål heile seks timar før fristen og var meir enn klar for ein ny tur.

– Eg gler meg allereie, sa han ved enden av turen gjennom Härjedalen.

MONSEN PÅ VILLSPOR (3:5): Lars Monsen har vært over fjell og vidde. Men hva skjer når han settes ut midt i granskogen, uten kompass og med et kart der mye vesentlig informasjon ikke vises? Vi vet at det også er bjørn i området.

MONSEN PÅ VILLSPOR (3:5): Lars Monsen har vore over fjell og vidde. Men kva skjer når han blir plassert ut midt i granskogen, utan kompass og med eit kart der mykje vesentleg informasjon er tatt bort? Me veit at det også er bjørn i området.

Les også: