Gjuva - stølstur 

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 0,8 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 192 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Denne turen startar på Ugletveit der skogsvegen startar til høgre rett før gardstunet. Der kan du velgje om du vil betale kr 40 i bompengar for å køyre 1,2 km inn til parkeringa, eller om du vil gå gratis. Frå parkeringa følgjer du den noko grovare skogsvegen inn til parkeringa på enden av vegen. Der, bak Svartavatnet er det skilta stistart opp til Gjuva. Vidare følgjer du stien oppover, og etter ei stund slår du fylgje med Ivarstegelva (i trygg avstand) til du er oppe til Gjuva (Støl for Ugletveit og Kvitastein). Elva er godt høyrbar når det er elvefylla. Vel oppe på den fine stølsvollen 470 moh er det god utsikt til fjord og fjell, og Ljonestangen.

Frå parkeringa i enden av den best køyrbare skogsvegen er det under 2 km og ca 240 hm opp til Gjuva.

Adkomst med egen bil

Med bil opp Kolltveitvegen til Ugletveit. Vidare på bomveg 1,3 km om du vil betale kr 40,- (Vipps eller kontant).
Annonse

on the path