Vikevarden

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,6 km
  • 4 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 609 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Frå parkeringa følgjer du skogsvegen oppover til du ser sti til venstre skilta Nystøl og Vikestølen. Følg denne til Nystøl, deretter Vikestølen. Frå Vikestølen føl du raumerka sti ca 500 meter. Der må du vera obs på at du skal ta av til høgre frå raudmerka sti og over på umerka sti. Det står ein liten varde til høgre på ein liten bergkant og nok ein liten varde litt lenger oppe som syner at du er på rett veg. Følg stien vidare oppover til du kjem til ein flate med ei myr. Her vert stien vekke, men du finn den igjen på andre sida av myra om du siktar litt til høgre for bekkefaret du har på di venstre side Siste biten opp mot toppen er det ikkje tydelig sti, men hald litt til høgre for toppen og følg ryggen til venstre inn mot toppen.

Turen er omlag 9 km tur/retur og 500 høgdemeter.

Adkomst med egen bil

Frå Norheimsund køyrer du bil ut til Oma og tek av opp vegen mot Åse. Litt før du er oppe til Åse tek du av på ein god traktorveg til venstre med merke for turløype.. Du følgjer skogsvegen til du kjem til ein stor plass der du kan parkere. Det er ikkje tilrådd å køyre lengre enn dette.

Adkomst med kollektivtransport

Buss til Oma.
Annonse

on the path