Fottur til Fura/Kvanndalsvatnet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,3 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 531 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Flott utsikt over Hornindalsvatnet. Turen går i eit bratt terreng og tar ein god time opp . Ein Startar å gå på ein skogsveg frå parkeringa. Ein tek av mot høgre, skilt merka mot Hopland/Fura. Turen vidare går på god sti i lauvskog. Når ein kjem opp til Fura, får ein ei flott utsikt over Hornindalsvatnet. Ein kan sjå innover mot Skredestranda og utover mot Hjelle.

Frå Fura og oppover mot Kvanndalsvatnet flatar det litt meir ut, og det blir meir myrlent terreng. Det er absolutt verdt turen heilt opp. Ved vatnet er det bålplass og moglegheiter for fisking.

Adkomst med egen bil

Køyr E39 mot Stryn frå Eid. Køyr mot Skredestranda. Etter ein har passert 2 tunellar, er det ei lita avkjørsel ca 300 meter frå siste tunell. Det er eit lite skilt som står Hopland på. Parker der.

Annonse

on the path