Ein lett og fin tur som kan utvidast. Turen er så og seie flat, og vi går på god og nokelunde tørr sti.
Denne ruta går eit stykke langs Gloppenelva i skog, men og med utsikt. Det kan vere fint å setje seg ned ved Aniasvalen.
På denne korte og idylliske turen går vi blandt anna forbi nokre hytter og eit lite småbruk.
Her er mange stiar i området, så dette er berre eit forslag. Vi kan gå denne runda som forlengelse av Eide kultursti. Her er og grusvegar og gode stiar for td vogn i området.
Kloppemyra er eit naturreservat.
Rundturen tar ca 20 minutt.