Dette er ein kort og relativt enkel støylstur i Årdalen i Jølster. Turen passar for turvandrarar i dei aller fleste aldersgrupper. Store delar av turen går på skogsveg opp til støylen som byr på utsikt mot Jølstravatnet og innover dalføret i Årdalen.
Turstart på Erikstad i Årdalen. Du startar med å gå på skogsvegen i nordleg retning. og tek av på ny skogsveg som du følgjer gjennom eit ope og fint beiteterreng. Etterkvart kjem du inn på ein fin og godt synleg sti som i stor grad følgjer kraftlinja i nordleg retning opp til Fjellstøylen. Du får fin utsikt mot Årdalen og Jøstravatnet, og utsikt inn mot Legestøylen og lia som går opp til Stigsvatnet. Terrenget er behagelig å gå i, og har jamn og fin stigning heile vegen.
Tips
Fjellstøylen ligg i solvendt side. Det betyr at stien ofte vert tidleg snøfri om våren.
Det er mogeleg å ta seg over til Helgheimsdalen ved å ta seg vidare oppover i austleg retning over Skaret.
Fakta
Turen er på omlag 2,3 kilometer kvar veg og 360 høgdemeter, Tid: 1,5 time opp og 2,5 time t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) og køyr til Årdal. Køyr mot den austlegaste skogsvegen frå Erikstad som går innover dalen til Legestøylen. Like etter den siste garden på Erikstad er det bompassering der du kan betale med Vipps. Ikkje lenge etter du har passert bommen startar du turen.
Ta rutebuss som går langs Jølstravegen (E39). Ta deg til fota opp til turstart på Erikstad.