Fottur til Bjørnavatnet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,4 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 213 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Fin familietur. Følg skogsvegen oppover, ein må gå over ei elv, men der ligg steinar ein kan trakke på. Fortset oppover på skogsveien, ein kjem til eit kryss når ein kjem ut av granskogen, hold til venstre, ein kan framleis sjå at ein går på ein gammal skogsveg, men her er det etter kvart litt vokst igjen med bregner og småbusker.

Ein ser tydeleg når skogsvegen endar, då kan ein sjå ei rås som går opp mot venstre, med ei stor furu, fortsett rett opp der, så flatar det ut og ein følgjer råsa til Bjørnavatnet.

Vaksne går turen på 20-30 min, så med barn reknar ein 1 time, ein veg.

Adkomst med egen bil

Frå Eid sentrum kjøyre ein E-39 til Volda om Stigedalen, når ein startar på nedstiginga til Bjørkedalen får de eit vatten på høgre side, i byrjinga på dette vatnet går det ein skogsveg opp til venstre, der er det plass til ca 2 bilar, der er mogleg for parkering litt før denne skogsvegen på høgre side om der er fullt.
Annonse

on the path