Fottur Steinkorsen og dagsturhytta

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,4 km
  • 3 t, 15 min
  • Rundtur
  • 486 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Ruta til Steinkorsen er den same som til dagsturhytta og startar frå garden Kringla, og går via Kringlestølen og Mallasvikstølen. Det er laga to parkeringsplassar, der den øverste ved garden er privat med betaling kr 30.

Rett før løa på Kringla er det merkt stistart. Følg stien langs elva og sidan på stølsvegen til Kringlestølen. Bratt og steinete sti, men den er forhaldsvis lettgått. Ved Kringlestølen får du flott utsikt over Førdefjorden. Frå stølen flatar terrenget noko ut. Du passerer Mallasvikstølen og 200 m forbi denne stølen delar stien seg. Ta stien til venstre opp på venstre side av elva opp mot Kringlevatnet. Ved Kringlevatnet kryssar du elva og går vidare på god sti på høgda over Kringlevatnet. Når du kjem opp på høgda er det merkt der du skal ta av mot dagsturhytta mot høgre. Her er det lett å gå bort til dagsturhytta.

Toppen på Steinkorsen ligg eit par hundre meter etter dagsturhytta, langs stien til venstre. Ruta er godt merka og skilta. Det er òg gjort mykje arbeid med drenering og steinlegging.

Hugs:

Ta omsyn når du beveger deg i innmark og lat att grinder.
Det er bandtvang i Sunnfjord i perioden 1.april- 1. november.


Adkomst med egen bil

Riksveg 611 vestover frå bensinstasjon i Naustdal. Til høgre ved skilt til Kringla. Parkeringsplass er merka og utstyrt med info-tavle for turen.
Annonse

on the path