Nærtur i Klepp - Klepperunden

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,5 km
  • 2 t, 20 min
  • Rundtur
  • 93 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Klepperunden går rundt det sentrale Kleppe. Du kan parkere ved Klepp rådhus eller Sirkelen. På veg frå rådhuset passerer du Kvernbekken som renn vidare ned i Grudavatnet.

Sirkelen er ein helseinstitusjon med arkitektonisk særpreg. Bygget blei teikna av det danske arkitektkontoret Hvidt Arkitekter AS og bygd i 2012.

Når du har passert Sirkelen er du kome ut på sjølve Klepperunden. Du kan no velja kva veg du vil gå runden. Han er merka i begge retningar. I følgjande omtale går du mot aust (med klokka).

Gå mot aust. Du må nå kryssa Jærvegen. Vidare går du i skillet mellom
tettstaden Kleppe og landbruksområda rundt. Drygt 70% av totalarealet i Klepp er jordbruksareal.

Etter at du har passert Stasjonsvegen går du inn i bustadområda. Du vil passera Dynjarsteinen og gå inn i de sørlege delane av Kleppe. Når du har kryssa Jærvegen igjen og gått opp på høgdedraget, vil du få storslått utsikt over dei ytre delane av kommunen og havet i synsranda. Du går vidare ned mot Klepploen.

Frå Kleppeloen kryssar du Solavegen gjennom undergangen og går inn i dei austre delane av Verdalen. Følg merking og du passerer på bru over fv 44; omkøyringsvegen som blei bygt for å avlasta Kleppekrossen for biltrafikk. Du nærmar deg nå Sirkelen igjen og tar same vegen tilbake til parkeringsplassen ved rådhuset.

Turen er merket som middels grunnet lengden.

Adkomst med egen bil

Følg rv44 mot Klepp.

Parkering ved Klepp rådhus eller Sirkelen.

Adkomst med kollektivtransport

Buss nr. 52, 58,59 og 62 går via Kleppekrossen. Se rutetider på Kolumbus. man kan også ta toget til Klepp stasjon og videre til Kleppekrossen med buss eller til fots (2 km).

Reis kollektivt — planlegg reisen med https://reise.kolumbus.no/no/search

Annonse

on the path