Sykkeltur: Seljord - Kviteseid via Telemarkskanalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende sykkeltur
  • 73,5 km
  • 7 t
  • Rundtur
  • 1298 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - okt

Dette er ein flott rundtur som kan starte både i Seljord og i Kviteseid sentrum. Turen tar deg gjennom eit vakkert og variert landskap, og du kan kikke etter den myteomspunne sjøormen i Seljordsvatnet og nyte den flotte opplevinga å sykle langs Telemarkskanalen. Ved Fjågesundbrua er det tilrettelagt for overnatting for syklistar og padlarar i det gamle pakkhuset. Book via lenke lenger ned i turbeskrivelsen.

Ønskjer du å gjera sykkelturen til ei endå større oppleving, så kan du ta delar av turen på ein av kanalbåtane. Det er mogleg å ta kanalbåt frå Fjågesund brygge ved å bestille billettar på førehand på telemarkskanalen.no eller ringe bookingtelefonen i god tid før påstiging, slik at dei kan køyre innom: Tlf + 47 409 200 00.

Sykkelruta passar fint for vanlege syklar og el-syklar.

Stoppestader:

  • Sjøormtårnet: Utsiktstårn inspirert av sjøormen ved Seljordsvatnet.
  • Seljord camping og badeplass: Badeplass og familievennleg camping ved vatnet.
  • Kviteseid brygge: Kanalbåtstopp med sommarkafé og turistinfo
  • Kviteseid Bygdetun: Friluftsmuseum med gamle hus og rosemåling
  • Sovebokser i Fjågesund: Enkle overnattingsbokser ved brygga.
  • Kilen badeplass: Liten og lun strand ved Kviteseidvatnet.


Følg lenke for booking av sovebokser

Adkomst med egen bil

Det finnes mange plasser å parkere i Seljord og Kviteseid sentrum. Gratis parkering.

Adkomst med kollektivtransport

Se adkomstbeskrivelse her: EnTur.no

Annonse

on the path