Fottur til Moakamben fra Moa

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,0 km
  • 0
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 178 høydemeter totalt
  • Sesong: Mar - okt

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde i Øvre Årdal, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i området og desse er tilgjengeleg i UT-appen. Dagsturhytta i Årdal er plassert like ved utsiktspunktet og turposten til Årdal Turlag på toppen.

MOAKAMBEN

Alternativ 1 (gjenspeiler kartpsoret og informasjon under «Om turen» i turforslaget: Start fråparkeringsplassen på Moa og følg skilting til Moakamben. Etter ca 200m tek stien av opp til venstre. Turen opp til utsiktspunktet på toppen går på god sti og tek normalt 0,5-1t.

Alternativ 2 (gjenspeiler ikke kartsporet eller informasjon under «Om turen» i turforslaget): Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til toppen, men alle endar opp ved utsiktspunktet og turposten til Årdal Turlag. Pass berre på at du ikkje tek av på sti ned til høgre mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 0,5-1t.

Adkomst med egen bil

Kjem du med bil er det best å starte turen ved Moa der det er god parkering. Turane til Ytre Moa, Moakamben og Kvile kan alle startast her. Kjem du til fots eller med sykkel kan du også gå via Ytre Moa eller frå Lykkja i Utladalen. Du kan og parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal. Sjå turen Rallaren - Ytre Moa for skildring av ruta frå sentrum av Øvre Årdal til parkeringsplassen på Moa.
Annonse

on the path