Turen til Olsetåsen er ein kort tur. Turen går på tydeleg sti heile vegen til toppen og eignar seg godt for born.
Parker ved Bedehuset på Olset. Gå langs vegen i vestleg retning omlag 500m.
Ta til høgre på tydeleg sti/traktorveg oppover lia. Den svingar seg oppover omlag 300m. Når ein går oppover, ser du klatreveggen på høgre side. Etter omlag 300m flatar stien noko ut og går i austleg retning. Det er ei lita "kneik" det siste stykket opp til toppen. Frå toppen får du nydeleg utsikt i fleire retningar.