(31) Bjødnahifjellet rundt

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 8,9 km
  • 3 t, 30 min
  • Rundtur
  • 371 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Følg vegen opp mot Rødkleiv. Ta av til høgre på skogsveg over ei bru. Skogsvegen passerer tidleg ein gammal grasbane og seinare ei gangbru ved Dalsløkjen. Følg skogsvegen til endes opp Stordalen (3 bekkepasseringar). Gå ikkje den første T-merkte stien, som er nedkomst, men følg vegen 20 meter lenger opp og ta så bratt opp Fossane. Stien følgjer eit gamalt bekkefar, så her kan vera både bratt og blautt. Vidare i lett skogsterreng til Stuasætertjødnane. Her kan du gjerne ta ein utsiktstur opp på Mennene (1 km ekstra kvar veg). Følg så stien vestover nord for vatna. Etter siste tjørna tek ein opp eit lite gjel, her er det viktig å halda til venstre, og ein ser då rett bort på Bjødnahifjedlet. Følg så stien langs nord- og vestsida av fjellet. Bjødnahiet er vanskeleg å få auga på, men inngangen er på baksida av nokre steinblokker som er støtta opp mot fjellet.

Stien nedover frå Bjødnahiet går rett austover på sørsida av Bjødnahifjedlet, først opp over eit lite høgdedrag, og så ned over ei lita myr. Frå austsida av myra følgjer stien ein Z-formasjon heilt ned igjen til stien/skogsvegen i Stordalen. Ta same vegen attende til koplingsstasjonen.

Adkomst med egen bil

Start og sluttpunkt: Gruvemuseet på Litlabø

Annonse

on the path