(16) Klovskardsfjellet Kongsskogen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 14,0 km
  • 5 t
  • Rundtur
  • 535 høydemeter totalt
  • Sesong: Jan, mar - okt

Sitat frå Opptur i Hordaland: "På denne turen får ein oppleva Fitjarfjella frå lågland, gjennom flotte myrlandskap, langs fjellvatn og opp på fjelltopp i over 500 meters høgd. Kanskje er dette noko av det flottaste ein kan by på i Fitjarfjellet."

Rundturen er ca 14 km og har ca 850 høgdemeter. Den går oppover på traktorveg og etter 1.7 km til må du velja kva retning du vil gå rundturen.

Dersom du går med sola, vil du etter 5,5 km koma til høgste punktet som er Klovskarfjellet på 555 moh. Så ned Klovskaret til inste enden av Klovskarvatnet til rasteplass med benkar og bord. Deretter langs Kongsskogsvatnet og ut langs Inste Sørlivatnet og Ytste Sørlivatnet. Ved Ytste Sørlivatnet finn du også ein rasteplass. På traktorveg tilbake til Dalshaugane passerer du Tveitaslottet Dagsturhytte. Vidare til stikrysset der du tok til venstre. No går du rett fram til Dalshaugane.

Turen startar frå utferdsplass Dalshaugane i Fitjar. Den er merka med raude T-ar og pinnar heile rundturen. I stikryss med andre DNT stiar finn du skilt merka «Klovskarfjellet Kongsskogen» som peikar veg og fortel deg kor langt du har gått og kor langt det er igjen av rundturen. Du kan fylja same skiltinga om du går motsett veg.

Melsåto:

På denne turen kan du også velja å gå over Melsåto (499 moh). Turen er då ca. 10 km. Følg då stien for Tur 16, 3,2 km til osen av Klovskarvatnet. Ta til høgre og gå over Melsåto 2,8 km til osen av Ytste Sørlivatnet. Følg då Tur 16 til Dalshaugane.


Adkomst med egen bil

Parkering: God parkeringsplass på Dalshaugane på austsida av fv. 545, mellom Årbø og Tveita.

Annonse

on the path