Fottur til Hovda 530 moh via Frierane frå Vestvoll

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,3 km
  • 0
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 479 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Traktorvegen slynger seg oppover i kulturbeite og i fin bjørkeskog til du kjem til gjerdeklyvar. Opp til Frierane tar ca. 1 time og er blå tur. Ved Frierane står det turkasse som du kan skriva deg inn i.

Namnet Frierane har sin historie:
Ein mann frå Landa gjekk på friarføter til ei jente frå Gjerdesdalen. Folk såg denne karen gå oppover lia til desse steinane rett som det var. Han hadde alltid ei kvit hua på hovudet. Her oppe traff han denne jenta etter avtale. Her ved dei store steinane har denne karen fridd til jenta. Han fekk ja på friarspørsmålet og dei to vart gifte. Derfor heiter desse steinane Frierane. Dette paret busette seg i Gjerdesdalen. Frierane er også ein skiftestein, og her møtest grensene mellom 3 gardar: Eikje i Gjerdesdalen og Bakkevold og Vestvoll i Blikrabygda.

Like før du kjem til Frierane, kan du ta av til høgre (sjå skilt) og gå opp til fjellet Hovda. Stien er godt merka og rydda. På vegen opp er det fin utsikt mot Sandeid og innover fjella. Frå Hovda har du ei flott utsikt over heile Vatsbygda og vestover mot havet.

Frå Frierane kan du gå ned til Gjerdesdalen og bli henta der om du ynskjer det. Dersom du vil ta ein lengre tur, kan du gå vidare på merka og rydda sti mot Brennesteg, Varafjellet og Aksla, og gå ned til Blikra eller Aurdal. Følg skilting, og sjå skilt ved gjerdeklyvar på Frierane.

Terreng:
Følg skogsveg opp til Frierane. Han er noko bratt enkelte stader. Ved Frierane står skilt til Hovda. Følg merka sti til Hovda. Det er nokre bratte partier, men flott utsikt.

Fottøy:
Fjellsko

Adkomst med egen bil

Kjør 2,5 km frå Knapphus mot Ølen og ta av til høgre med skilt mot Blikrabygda. Følg vegen 4 km ned til Sørhus mot den gamle butikken til Magnus Sørhus. Her tek du vegen til venstre – sjå TURSTI-skilt her. Kjør om lag 300 m til du kjem til Vestvoll til P-skilt nedanfor den raude løa til Helge og Jenny Rødde.
Annonse

on the path