Fottur Brandsøyåsen frå Brandsøy Parkering

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,7 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 267 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Brandsøyåsen med sine 290 høgdemeter og 360 graders utsikt, er Florøs mest besøkte byås og vel vert turen. Det er mange stiar opp til Brandsøyåsen.

Turen starter frå parkeringsplassen på nordsida ved Rv5 (Brandsøy Parkering) og går opp asfaltvegen til du kjem til stien som viser opp mot Norefjell like etter vegbommen. Ta til høgre inn på stien som er godt synleg i terrenget og du går oppover Strandafjellet til du kjem opp på Norefjellet. Det er flott utsikt oppover. Du ser innover til fjella og utover øyane når du er kommen på Norefjellet. Fortsett vidare vestover, over brua og opp til asfaltvegen som du går til toppen av Brandsøyåsen.

Retur same veg eller du kan gå asfaltvegen ned att.

Ta gjerne turen opp via Oppturvarden eller Fylkesvarden som den blir kalla med ein kommunestein frå kvar kommune i fylket. Varden vart satt opp i Friluftlivetsår 2005.

På toppen er det gapahuk, kikkert og platting med bord og benker. Heile året og heile døgnet kan ein nyte utsikta frå toppen av Brandsøyåsen.

Sporet på kartet er gått 08 05 2020

God tur

Adkomst med egen bil

RV 5 Brandsøy Parkering
Annonse

on the path