Fottur til Høgalmesetra

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 3,4 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 524 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Frå parkeringsplassen ved Oldedalen grendahus, går du grusvegen mot gardane i Høgalmane. Stien mot Høgalmesetra startar ved fjøsen lengst til høgre. Herifrå er stien merka heilt til setrevollen. Stien opp til Høgalmesetra går gjennom bratt terreng. Det er godt tilrettelagt i vanskelege parti med kjetting og stegtrinn. På setrevollen kan du nyte utsikta både mot Melkevollsbreen i sør og Sunde i nord. På turen mot setra passerar du Høgalmegrana, som kvart år vert pynta med lys i jula. Bygdefolket byter på å dagleg bere opp bensin til aggregatet. Dette har vore tradisjon sidan 1999.

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng.

Annonse

on the path