Dette er ein vakker rundtur som gir variert utsikt til fjella i Jølster. Turen startar ved Helgheimsstøylen og tek deg opp til Vasskaret før du resten av fotturen held fram over dei fine ryggane som går frå Vardefjellet, over Instengegga og Steinbotnegga. Om du ikkje ønsker å gå heile rundturen er Vasskaret eit fint delmål.
Det er fin sti frå Helgheimsstøylen til Vasskaret. Vidare opp til Vardefjellet er det ikkje markert sti. Du kan tidvis møte på eldre raude merke etter ein fjelltrimpost. Det er ikkje merka sti over ryggane du skal ta deg over.
Turen startar i vakre Helgheimsdalen. Etter nokre få meter frå parkeringa og brua passerer du Helgheimstøylen. Det går ein flott tilrettelagt sti, som i jamn stigning i nordleg retning, tek deg opp til Vasskaret. Skaret ligg mellom fjella Vardefjellet og Brekkefjellet. I skaret er det plassert ei lita hytte (privat).
Frå Vasskaret går du i vestleg retning på grasdekke bakkar opp til høgda 1074 moh. Gå vidare i nordleg retning opp til Vardefjellet på 1167 moh. Følg den breie fjellryggen vidare i nordvestleg retning. Gå i vestleg retning i lettgått terreng på fjellryggen. Du må ta deg litt ned nokre høgdemeter eit parti på ryggen. Her vert ryggen litt smalare og brattare der du går i vestleg retning opp til høgda 1301 moh.. Dette er det høgste punktet på Instengegga. Hald fram i vestleg vidare på ryggen ut til høgda 1295 moh. på Instengegga.
Returner frå høgda 1295 moh. på Instengegga ved å gå attende mot det høgste punktet på ryggen (1301.moh). Gå så i sørleg retning nedover den breie ryggen som tek deg ned til Steinbotnegga. Flott og lettgått terreng å gå på ned heile ryggen på Steinbotnegga. På denne egga skal du passere både høgda 1158 moh. og 1064 moh. Når du nærmar deg enden av tek du deg ned mot kraftlinja som går i Skaret. Vidare ned lia her er det lyng og myrlendt terreng, og det kan vere litt vanskeleg å finne eit tråkk å gå i. Følg kraftlinja frå Skaret og nedover i søraustleg retning attende til parkeringsplassen ved Helgheimsstøylen.
Turen går innom Naustdal -Gjengedal landskapsvernområde.
Tips
Frå Vasskaret er det kort veg å ta seg opp til Brekkefjellet (1171 moh.). Frå Vasskaret går du i austleg retning via ryggen opp til toppen. Der er tidvis spor etter ein gamal sti som tidlegare har vore merka som fjelltrimpost.
Fakta
Rundturen er på omlag 10,5 km 800 høgdemeter stigning. Tid: 6-7 timar rundtur.
Om du ikkje ønskjer å køyre opp den bratte skogsvegen kan du gå opp denne. Den er på omlag 1,5 km kvar veg (3 km t/r) og 350 høgdemeter. Tid: 1,5-2 timar t/r.
Frå parkeringa på enden av skogsvegen og inn til Helgheimsstøylen er det omlag 3-400 meter.
Frå Helgheimsstøylen til Vasskaret er det omlag 2,6 km ein veg (5,2 km t/r) og 350 høgdemeter opp. Tid: 1,5 time opp og 2,5 timar t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av Jølstravegen (E39) på Helgheim (vest for kyrkja) og køyr opp vestlegaste skogsveg. Du må betale bom-avgift for å køyre opp vegen. Informasjon om dette står ved fjøsen på gardstunet du passerer.
Vegen er ganske bratt i starten, og flatar meir ut når du nærmar deg støylen. Vegen har hatt litt ulik kvalitet siste åra, og vert prega av at vær og vind tærar på den. Det kan vere fordel å ha 4-hjulstrekk og litt bakkeklaring, samt røynsle med å køyre på skogsvegar.
Langs vegen er det mykje beitande storfe. Du må late opp og att fleire grindar under bilturen opp. På parkeringa rett før støylen er det ofte laga til inngjerda parkeringsområde, slik at bilane står trygt for at storfe går nær bilane.
Om du ikkje vil køyre opp skogsvegen kan du parkere ved Helgheimskyrkja å gå opp skogsvegen.
Ta rutebuss langs Jølstravegen (E39) og gå av bussen på busshaldeplass ved Helgheim kyrkje.