Dette er ein spesielt flott langtur som går over ryggar og toppar der du kjem tett på dei flotte og bratte fjella på Ålhus i Jølster. Rundturen er vakker, og undervegs på heile turen får du oppleve variert og særleg flott utsikt i den vestlege delen av fjella i Jølster. Rundturen har mange flotte delmål undervegs som og kan vere flotte turmål. Derfor er denne rundturen skildra ekstra grundig med informasjon og fakta også om desse. På denne måten kan du oppsøke nokre av toppane denne lange rundturen går over.
I informasjonen i faktadelen nedanfor finn du opplysningar om lengde, høgde og tid til dei ulike delmåla. Her er det også lagt inn informasjon til turmåla du først kjem til dersom du vel å ta oppstigninga motsett veg; ved å gå opp frå Nedrebø.
Frå toppturparkeringa på Indrebø på Ålhus går du i nordleg retning på skogsvegen som tek deg inn dalføret. Når skogsvegen byrjar å gå i motabakkar passerer du fossen som kjem ned frå Gotdalen og held fram på skogsvegen fram til du møter på demningen til kraftverket. Her tek du av skogsvegen i vestleg retning. Ta deg over elva under demningen, og hald fram over myrlendt terreng mot fjellryggen. Følg sti i nordvestlig retning opp ryggen. I det ryggen tek slutt, og du kjem inn i ei lyng- og grasdekt fjellside snor stien seg i nordleg retning opp mot Litlefjellet. Stien går ikkje innom høgste punktet på Litlefjellet på 857 moh. Om du tek deg ut til denne høgda får du utsikt ned til Gotdalsstøylen.
Stien held fram i vestleg retning over ryggen mot Skåhammarsegga. Terrenget er lett og fint å gå i, og ryggen er litt kupert bort til du byrjar på stigninga opp Skåhammarsegga. Opp egga vert det gradvis meir stein og berg å gå på. Det er ingen smale eller luftige parti undervegs. Når du har tatt deg opp høgdene på Skåhammarsegga må du gå eit stykke vidare vestover før du kjem til varden på høgste punktet 1280 moh.
Frå Skåhammarsegga går du i sørleg retning ned mot vatnet som ligg mellom Skåhammarsegga og Syskarnipa. Noko utfordrande å finne stien her. Det er stort sett berre stein og berg å gå på vidare opp til Syskarnipa. Stien kan vere noko utfordrande å finne i partiet opp til Syskarnipa, der det og er litt bratt. Her må du lese terrenget undervegs.
Frå Syskarnipa går du på rygg i søraustleg retning nedover, og passerer eit relativt småkupert parti, før du tek deg opp på Kvitsvornipa. Følg ryggane over Sølvet og vidare ned til Trollet. Undervegs går stien ganske tett på dei bratte fjellsidene ned mot Ålhusdalen. Fjellryggen er litt kupert der du må ta deg litt oppover undervegs i nedstigninga av ryggen.
Frå Trollet går stien i meir sørleg retning ned mot Blåfjellet, og held fram i beitelandskapet i sørleg retning nedover til høgdene 873 moh. og 759 moh. Stien held fram i sørleg retning nedover ein ryggformasjon i skogen ned til høgda 422 moh. Frå Blåfjellet og ned til høgda 422 moh. er det noko tett skog enkelte parti, og det kan tidvis vere utfordrande å finne stien enkelte stader.
Frå høgda 422 moh. har du kome inn i område med meir granskog. Her går stien eit kort stykke i nordleg retning igjen, og fører deg inn på ein grasdekt skogsveg. Denne vegen går i sørvestlig retning ned til skogsvegen som går innover Nedrebødalen. Følg skogsvegen ned til gardstunet og toppturparkeringa på Nedrebø, og vidare ned til Ålhusvegen. Følg denne asfaltvegen i nordleg retning attende til toppturparkeringa på Indrebø.
Tips
Turen er skildra med oppstigning frå Indrebø og nedstigning til Nedrebø. Du kan sjølvsagt velje å gå turen motsett veg.
Sjølv om det ikkje er tydeleg og markert sti heile vegen har det tidlegare vore ulike fjelltrimpostar på dei ulike toppane. Undervegs er det derfor fleire spor etter raude merker på stiane.
Om du ikkje vil gå stykket på asfalt på Ålhusvegen kan du ha to bilar. Parker den eine på toppturparkeringa på Nedrebø, der turen sluttar, før de køyrer til toppturparkeringa på Indrebø der turen startar.
Fakta
Heile rundturen er på omlag 20 kilometer og 1250 høgdemeter. Tid: 9-11 timar.
Distanse på skogsveg og asfalt:
Rundturen med delmål:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Ta av til Ålhusvegen frå Jølstravegen (E39). På Indrebø parkerer du på toppturparkeringa til Sunnfjord kommune. Betaling med Vipps for parkering. I denne turskildringa er det her turen startar og sluttar.
Det er og mogeleg å parkere på toppturparkeringa på Nedrebø der turen sluttar. Parkering med Vipps også på denne. Du kan då velje om du vil starte, eller avslutte med å gå asfaltvegen. Ev. parkere to bilar på kvar sin toppturparkering slik at du unngår å gå stykket på asfalt i Ålhusdalen.
Skogsvegen frå toppturparkeringa på Indrebø og vidare inn dalføret er ikkje alltid open for biltrafikk. Om den er open for køyring med bil kan du køyre denne i omlag 1,5 kilometer innover det flate partiet i dalføret. Betaling av bom med Vipps. Parker på anvist plass. Det er ikkje høve å køyre skogsvegen til endes oppover mot støylen med verken bil eller sykkel.
Ta rutebuss om går langs Jølstravegen (E39). Gå av bussen på Ålhus ved Ålhus kyrkje. Gå inn til turstart på Indrebø.