Merk. Stien er for tida i dårleg stand grunna mykje vatn og glatte kloppar. I tillegg har arbeid med skogsmaskiner på nokre stader gjort det lite framkomeleg. Utbetring er under planlegging.
Ta vegen frå Tveit ned ein grusveg, over eit gjerdeklyv og gjennom ei grind. Følg vegen vidare sørover forbi Svinasteinen og ta til venstre mot Limomnen. Vidare tek ein vestover, retning mot Skjønshammaren. Siste del av løypa fylgjer du skogsvegen nordover mot gardane på Sør-Huglo. Ein passerer staden der Futagarden låg i Sunnhordland på 1600-talet. Herifrå er det ca. 1 km attende til utgangspunktet.