Fottur til Amfen, Ytre Kvamsfjellet og Kvamsfjellet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,9 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 792 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Kvamsfjellet er ein flott tur i vestre del av Jølster med stor utsikt over grendene på Vassenden og Jølstravatnet. Stien opp til Kvamsfjellet frå Jølster skisenter startar opp trekktraseen, som kvart år vert nytta til motbakkeløp. Det er mange fine skilta delmål undervegs, der Amfen og Ytre Kvamsfjellet er skilta utsiktspunkt. Frå Kvamsfjellet kan du gå vidare på godt merka sti over Stordalsfjellet til Varden.

Turen startar ved den nedre varmestova til Jølster skisenter. Bratt stigning i starten opp trekktraseen. Når du når enden av skiheisen held du fram i sørleg retning opp skitraseen aust for Øygardsstøylen. Følg denne i sørvestleg retning til endes der du kryssar under heisen. Gå då rett vest over skitraseen, og ta deg inn på sti som følgjer rygg opp mot utsiktspunktet Amfen (726 moh.). Stien går vidare i terrenget rett vest for skitraseen. Den dreiar etter kvart i sørleg retning opp mot eit lite fjellvatn, som ligg rett ved utsiktspunktet Ytre Kvamsfjellet.

Frå Ytre Kvamsfjellet går du i søraustleg retning i kupert terreng på stein og berg. Etter kvart går du i austleg retning og tek deg ned i skaret før du tek siste høgdene opp på Kvamsfjellet. Det er lurt å følgje godt med på merkene på stien mellom Ytre Kvamsfjellet og Kvamsfjellet. Her kan det vere fort gjort å gå feil.

Tips:
Om du ikkje vil ha ein langtur er utsiktspunkta Amfen og Ytre Kvamsfjellet er flotte turmål med stor utsikt.

Frå Kvamsfjellet kan du halde fram i aust- og nordaustleg retning nedover den fine lettgåtte ryggen mot Stordalsfjellet og Varden. Du har flott utsikt innover Jølstravatnet heile vegen. Frå Varden tek du deg ned til parkeringa på Bakkestøylen ved å følje sti i myrlendt terreng i søraustleg retning.

Frå Kvamsfjellet kan du forlenge turen din ved å gå i kupert terreng til Bordtaket, Tverrfjellet og Stølverlifjellet. Her er det ikkje sti, men ein del dyretråkk å følgje.

Å gå over Kvamsfjellet er ein tur som krev godt vær og god sikt. Kjem skodda er det lett å gå feil om du ikkje har kunnskap om orientering.

Om du ikkje ønsker å starte med Trekktraseen opp kan du betale bomveg og køyre opp til Øygardsstøylen for å starte turen din der. Parker på skisenteret sine parkeringsplassar. Ta deg inn på stien ved å krysse under Øygardsstøylen og gå oppover skibakken.

Fakta:

  • Parkering Jølster Skisenter til Trekktraseen opp: 0,9 kilometer og 220 høgdemeter opp
  • Toppen av Trekktraseen opp til Amfen: 1,5 kilometer og 250 høgdemeter opp
  • Amfen til Ytste Kvamsfjellet: 1,5 kilometer og 230 høgdemeter opp
  • Ytste Kvamsfjellet – Kvamsfjellet: 1,6 kilometer og 100 høgdemeter opp
  • Kvamsfjellet – Varden: 2,1 kilometer og 180 høgdemeter ned
  • Varden – parkering Bakkestøylen: 1,5 kilometer og 220 høgdemeter ned

Totalt: 9,1 kilometer og 800 høgdemeter om du går heile turen over fjellrekka

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindene etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) ved Jølstraholmen og køyr mot Jølster Skisenter. Parker ved varmestova. Om du vel å starte turen ved Øygardsstøylen betaler du bom for å køyre opp. Det er skiltlesar på bommen.

Adkomst med kollektivtransport

Ta rutebuss som går mellom Skei og Førde langs Jølstravegen. Gå av på busshaldeplass ved Jølstraholmen og gå opp til turstart ved Jølster Skisenter.

Annonse

on the path