Draumekvila er i Trivselsskogen, ein skog fylt med opplevingar for alle og mange spennande turruter!
Turen startar i Sandane sentrum. Gangvegen frå sentrum er skilta og merka med hjerter til den store parkeringsplassen ved Trivselsskogen.
Frå parkeringsplassen går turen langs elvestien, vidare til TIN-camp, Treningsparken og Kjærleiksskogen før du avsluttar med ein bakke opp til Draumekvila.
Tin-camp (Trygg i naturen) ynskjer å gje barn, unge og folk med funksjonshemmingar – høve til å få lettare tilgang til naturen. Her er det 2 pizzaomnar, 6 gapahukar med bålplass og soveplass til minst 6 personar i kvar, toalett og aktivitetsområde mm. Ein super stad for ei pause, eller overnatting.
Treningsparken er laga for at du skal kunne kombinere turen med litt styrkeøvingar. I parken finn du ein komplett Tuftepark.
Kjærleiksskogen ligg der og ventar på å bli fyllt av hjarte og kjærleik i alle former. Heng gjerne opp ditt eige hjarte av tre eller anna naturleg materiale!
Om du ynskjer ein litt lenger tur, så er det mange skilta turalternativ i Trivselsskogen.
Trivselsskogen er nasjonalt pilotprosjekt for nærturar i DNT.
GOD TUR i den fantastiske Trivselsskogen!
Turen startar ifrå E39 (Holvik), mellom Kleivedammen og Austrheim i Gloppen Kommune. Du ser avkøyringsskilt frå vegen. Der er merka frå Sandane sentrum med hjerter på gangsti og skilt.
Buss går til og frå Sandane, og det er ikkje langt å gå til Holvika.