Turen opp til Tollefstøylen går på ein eldre sti som snor eg fint oppover dei bratte bakkane i fjellsida. Stien går i open gamal bjørkeskog, der blåbærlyngen trivast godt. På kartet er støylen merka med namnet Strandsstøylen. Dette er ikkje heilt korrekt. Strandsstøylen er støylen som ligg noko aust, på andre sida av elva, for Tollefstøylen.
Turen startar ved Jølstravatnet der du går på asfalt i austleg retning eit stykke, før du tek av på grusvegen opp til eit eldre gardstun. Her held du fram i sørlig retning oppover litt gjengrodd skogsveg, som etterkvart driear i austleg retning. Før skogsvegen endar tek du ved eit lite bekkefar av på sti i sørlig retning. Stien er lagt fint i terrenget heile vegen opp til støylen. Her er det eit støylshus.
Tips
Det går ein sti heilt bort til Hamarsbakkestøylen (Bakkestøylen og Holestøylane). Denne vart merka som fjelltrimpost for ein del år sidan, og går på aksla i retning Brunene og Remmane. Om du ikkje vil gå heile denne kan det vere fint å gå eit stykke av stien i vestleg retning. Då får du utsikt ned til gardane på Strand.
Fakta
Lengde t/r er omlag 7 km og 350 høgdemeter. Tid: 1,5 time opp og 2,5 time t/r.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Frå Vassenden tek du av Jølstravagen (E39) og køyrer over brua over Jølstra og inn på Nikolai Astrups veg. Hald fram på denne i omlag 3,7 kilometer.
Hald fram i Nikolai Astrups veg over Hamarsbakkeelva og forbi bøane til garden. Du finn ei utkøyrsle på nedsida av vegen ned mot vatnet. Her er det lagt til rette med eit campingbord. Her kan du parkere.
Pga. trafikken med turistbussar til Astruptunet, og gardsdrift med dyrestell, er det ikkje høve til å parkere tett opp i vegbana eller ved gardstuna i området.