Steinalderstien på Rapeneset

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,4 km
  • 1 t
  • Rundtur
  • 107 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar ved Straume kai, der du kan parkera. Følg sti sørover til naustmiljøet og vidare på merka sti utover Rapeneset.

Undervegs passerer du fleire buplassar frå steinalderen. Det er sett opp informasjonsskilt ved alle desse buplassane der du kan lesa meir om steinalderen ved Fosnstraumen!

Det rike livet i Straumen gjorde at folk busette seg tidleg ved Fosnstraumen. Dei første menneska kom alt for 10-11.000 år sidan, i byrjinga av perioden me kallar eldre steinalder eller jegersteinalderen. Funnmaterialet frå dei arkeologiske undersøkingane viser at det har budd folk her gjennom det meste av steinalderen, gjennom 5-6000 år. Hovudmengden av dei til no reistrerte buplassane er likevel frå eit avgrensa tidsrom kring overgangen mellom eldre og yngre steinalder. Den høge konsentrasjonen av steinalderfunn i området – og ikkje minst graden av samtidighet mellom dem - gjer at staden har vorte kalla «Steinalderlandsbyen ved Fosnstraumen».

Adkomst med egen bil

Parkering på Straume kai.

Adkomst med kollektivtransport

Buss til Straume frå Manger eller Austrheim.
Annonse

on the path