Boga-Morkevika

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,2 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 31 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar nedanfor Bogatunet, der det er mogleg å parkera. Følg grusvegen nordover mot båthamna i Nordre Bogevågen, og deretter merka sti til Morkevika. I Morkevika er det eit flott sjøbruksmiljø, med naust og sjøbuer som høyrte til gardane Kolstad og Morken. Morkevika er veglaust, så dei som hadde naust her måtte først ro over Nesvatnet og gå gjennom marka for å koma til nausta og båtane.

Dei som ynskjer kan gå vidare nordover heilt mot Mangersnes. Då må ein anten gå same veg attende, eller om ein har høve til det, kan ein ha ein bil på Boga og ein på Mangersnes. Det er kring 3 kilometer mellom Boga og Mangersnes.

Det beitar sau i området. Hugs difor å halda hund i kort line!

Adkomst med egen bil

Parkering ved Bogatunet.
Annonse

on the path