Rundtur til Lee og gruvene

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,2 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 720 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Ein fylgjer bilvegen til Øvste Holane. Derifrå går ein på merka sti som i nærare 50 år var arbeidsvegen for dei som arbeidde i talkumgruva på Lee, den såkalla Gamlegruva. Stien vart også brukt som snarveg for folka på Lee, og dessutan brukte gardane på Holane og Flæte denne når dei skulle til utmarksteigane sine. Om lag midtvegs mellom dei to slåtteteigane, Hagele og Storesteinane, kjem ein til eit vegskilje. Her kan ein fylgja gruvevegen opp til Gamlegruva, der ein finn tydelege restar etter nærare 50 år med gruvedrift (1908-1956). I si tid var dette ei av dei største talkumgruvene i Europa.
Ein kan også velja å ta den gamle snøggvegen opp til Ytre Lee, forbi Storesteinane og Galdane. Frå Ytre Lee kan ein så gå på god veg ut til Gamlegruva og fylgja gruvevegen nedatt. Vel ein å fylgja gruvevegen opp, kan ein gå nedatt snarvegen frå Ytre Lee. Same kva veg du vel, bør du stoppa og ta ein pause på Haugen utanfor Ytre Lee, der du kan nyta ei fantastisk utsikt.

Frå Ytre Lee er elles muleg å fylgja bilvegen forbi Fremre Lee, ned til Dale og vidare til Framfjorden. Då vil ein også få med seg meir av det særmerkte kulturlandskapet på denne høgdegarden.

Adkomst med egen bil

Bil frå Vik til Framfjorden, ca. 20 km. Parkering ved elva.

Adkomst med kollektivtransport

Buss frå Vik til Framfjorden og tilbake nokre dagar i veka.
Annonse

on the path