Vegen opp til Oftedalen er ein populær turveg med fin utsikt mot både dalen austover og mot fjorden. Eit solrikt område med mykje kulturhistorie. Nedre Vangen var tidlegare ein gamal veteplass. På Øvre Vangen skin sola midtvinters, og plassen var truleg ein gamal kultplass der dei feira vintersolkverv. Ved Løberg står det ei turpostkasse. Registrer deg gjerne på UT.no/SjekkUT. Gå ut på Løberghaugen 50 m frå turpostkassa. Der finn du det flotte utsiktspunktet !
Merk at vinterstid kan det i periodar vere kjøver under Løberg som krev bruk av broddar.