Fottur Askrova. Hammarsetvatnet til Øykeskjerholten, Valvikevatnet og Hammarset

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,5 km
  • 3 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 212 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Askrova "Den grøne smaragd" er ei grøn og frodig øy å gå tur på.

Utgangspunktet for turane på øya er kaia der rutebåten frå Florø legg til eller ta rutebuss til Hammarset 4,7 km på nordaustsida av øya. Kva veg du vel å starte turen over øya på er valfritt.

Ruteforslaget vi omtalar her startar frå kaia:
Frå kaia går du bilvegen mot Hammarset om lag 800 meter og kjem til informasjonsskilt "Tursti Askrova" på venstre sida. Følg så tydeleg og merka sti i terrenget. Gå over ei trapp / gjerde og gå rett fram, hald til høgre og følg sti til traktorvegen. Følg denne til endes. Ta av får traktorvegen over trapp / gjerde og følg tydeleg sti opp til Hammarsetvatnet. Ved nordenden av vatnet er det grill- og rasteplass med bord og benker. Både Hammarsetvatnet og Valvikevatnet er gode fiskevatn. Fortset vidare på tydeleg sti langs austsida av Hammarsetvatnet og følg stien vidare oppover til du kjem til skiltet Skara / Skaret. Her tar du stien til høgre og føl den til Øykeskjerholten.

Frå Øykeskjerholten kan du gå vidare mot aust og ned til Hammarset. Stien går forbi nordre enden av Valvikevatnet og ned til Vårstølen. Det er godt merka med raude pinnar.

Turtips: Følgande turalternativ er ikkje inntegna på kartet:

* Frå kaia kan du gå vegen nordover på vestsida av øya til Valvika 4,7 km og ca 1 times spasertur, eller ta bussen. Du kan og gå opp til Trollhola, som ligg nord på Støylen, like før Valvika. Ønskjer du å gå inn i hola bør ein ta kontakt med nokon som bur på øya og som kan vere med inn i hola. Spør på butikken.

* Frå Støylen, ved grinda med raudmerka gjerdepålar, er det merka sti opp til Skaret. Følg raude merkepinnar og raude merker på fjell/stein. Stien går først langs gjerdet, så bratt opp mot skogen, gjennom ei grind, gjennom skogen og etter kvart i ope lende til eit lèplantefelt. Raude pinnar syner retninga, og etter eit par hundre meter kjem du inn på stien og kan gå til venstre mot Skaret, rett fram mot Kråkehåjen eller ta til høgre til kaia.

Sykkeltur: Det er fint å sykle både til Valvika og Hammarset.

På rutebåtkaia er det digital sjølvbetjent butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel, kajakk og båt til fisketurar. På kaia er det oppslag om dei ulike turane samt kart over øya.

Sporet på kartet er gått 25 04 23 og går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!

Adkomst med egen bil

Rutebåt til Askrova. Eigen båt til gjestebrygga ved butikken.

Adkomst med kollektivtransport

Rutebåt

Annonse

on the path