Fottur Askrova. Skara / Skaret til Øykeskjerholten, Åsneset og Hammarset

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,3 km
  • 3 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 340 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Askrova "Den grøne smaragd" er ei grøn og frodig øy å gå tur på.

Utgangspunktet for turane er kaia der rutebåten frå Florø legg til eller med rutebuss til Hammarset 4,7 km på nordaustsida av øya. Dei fleste båtruter er koordinert med bussrute til Hammarset (dette bør ein sjekke på førehand), ein tur på omlag 10 min. Kva veg du vel å starte turen over øya på er valfritt.

Ruteforslaget vi omtalar her startar frå kaia:
Frå kaia går du bilvegen mot Hammarset om lag 800 meter og kjem til informasjonsskilt "Tursti Askrova" på venstre sida. Følg så tydeleg og merka sti i terrenget. Gå over ei trapp / gjerde og ta til venstre og følg varda sti via Kråkehaugen til Skara / Skaret.

Kråkehaugen: Historia fortel at kråker brukte denne som mellomlandingsplass for lengre flyturar ved varsel om godt eller dårleg ver. Ved dårleg vêr flaug dei inn frå havet og samlast der før dei fauk inn til fastlandet og i ly.

På Kråkehaugen er det satt opp ei hytte: Draumeplassen Ørnereiret. Offisiell opning var 1.august 2020.

Skara / Skaret er høgste toppen på Askrova, 219 moh. Her har du utsikt til øyane sør for Askrova og den særmerkte Alden, "Den norske hest". Vest for Alden ligg Værlandet og Bulandet. Frå Skara / Skaret kan du gå ned i Valvika til Støylen.

Rett nord frå Skara / Skaret ser du Øykeskjerholten. Følg stien nordover, lett og fint å gå omlag 30 minutt. Her er benk og bord på kanten av fjellet med utsikt ned i Valvika. Øykeskjerholten er etter ei gamal historie om ein mann som rei på fjellet for å sjå etter dyra sine. Hesten vart skremd og skar ut for fjellskrenten nord for Valvika.

Turen vidare nordover går på kanten i sør og ned til Åsneset og byr på utsiktspunkt mot Hagen og havet i vest, store gamle einebuskar og gamal bjørkeskog samt to stikryss med skilt til: Åsneset – Øykeskjerholten – Hammarset. Du føl skiltet til Åsneset.

Turtips: Det første stikrysset kan du følgje ned til Hammarset via Valvikevatnet der den møter den gamle stien mellom Hammarset og Vårstølen. Den neste går også til Vårstølen og Hammarset via Valvikevatnet.

Nede ved Åsneset rundar stien til høgre langsmed berget. Du kjem til eit lite skilt «KEILA» Indre Åsneskeila. Løypa ned hit er merka. Her nede ved sjøen i den lune vika er det ein gamal steingard og fint å ta ei pause.

Følg merka sti vidare austover frå Åsneset mot Vårstølen gjennom Kroksura / Storekrok på god sti i ura mellom gamle trer. I dette området veks det kusymrer/primler i perioden april-juni. Deretter kjem du ned i ei lita bukt med nokre store steinar og deretter opp ei skråning til platået ved Vårstølen.

Gå vidare austover til ein gamal stølsveg i bjørkeskog ned mot Hammarset og gjennom ei grind til bilvegen. Her er løypekart i oppslagskasse (Askrova Bygdelag). Hugs: «lat at grinda» pga. sauer på beite og ha hunden din i band.

Stien mellom Øykeskjerholten via Åsneset til Hammarset er rydda og nymerka (raude merkepennar og raude punkt på fjell) 2023 og endar/startar på Hammarset.

Turtips: Følgande turalternativ er ikkje inntegna på kartet:

* Frå kaia kan du gå vegen nordover på vestsida av øya til Valvika 4,7 km og ca 1 times spasertur, eller ta bussen. Du kan og gå opp til Trollhola, som ligg nord på Støylen, like før Valvika. Ønskjer du å gå inn i hola bør du ta kontakt med nokon som bur på øya og som kan vere med inn i hola. Spør på butikken.

* Frå Støylen, ved grinda med raudmerka gjerdepålar, er det merka sti opp til Skara / Skaret. Følg raude merkepinnar og raude merker på fjell/stein. Stien går først langs gjerdet, så bratt opp mot skogen, gjennom ei grind, gjennom skogen og etter kvart i ope lende til eit lèplantefelt. Raude pinnar syner retninga, og etter eit par hundre meter kjem du inn på stien og kan gå til venstre mot Skara / Skaret, rett fram mot Kråkehaugen eller ta til høgre til kaia.

Sykkeltur: Det er fint å sykle både til Valvika og Hammarset.

På rutebåtkaia er det digital sjølvbetjent butikk, leikeplass og gjestebrygge. På butikken kan du låne sykkel, kajakk og båt til fisketurar. På kaia er det oppslag om dei ulike turane samt kart over øya.

Sporet på kartet er gått 25 04 23 og går ein veg. Hugs å legg til omlag same tid for returen.

God tur!




Adkomst med egen bil

Rutebåt til Askrova. Eigen båt til gjestebrygga ved butikken.

Adkomst med kollektivtransport

Rutebåt

Annonse

on the path