19. Fonnavegen - Gjetingshaugen

Legg til huskeliste
Annonse

( Information in English? Look below the Norwegian information )

Skildring av tur

Frå Fonnavegen følgjer du traktorvegen opp mot Storemyr. Ta til høgre der vegen deler seg og følg denne vegen ca 100 m. Her er det eit retningsskilt, og du går over på sti. Det er litt myrlendt på nokre parti fram til Gjetingshaugen. ...

Adkomst med egen bil

Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter ca. 800 m kjem du til eit vegkryss. Her er det skilta mot høgre til Gjetingshaugen. Har du bil, parkerer du her. Det er ikkje god parkeringsplass. Pass på at du ikkje står i vegen for anna trafikk. Parkering på eige ansvar.

Adkomst med kollektivtransport

I sommarsesongen går det buss frå Jondal til sommarskisenteret på Folgefonna
Annonse