Fottur til Sørstrand Folkepark via Storevatnet og Brendøya

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,2 km
  • 50 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 35 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen til Sørstrand Folkepark starter frå Flora Omsorgssenter. Her er det turskilt med stednavn, retningspil og km.

Kryss bilvegen og gå den grusa turvegen austover langs sørsida av Storevatnet til endes til Kleivabakken/Kleiva. Der deler turen seg og ein del går mot symjehallen Havhesten og tur til Brandsøyåsen, den andre går dit du skal opp Kleivabakken/Kleiva og ned i Båtevika. Der fortset den grusa turvegen over bruene på Brendøya og til Kystmuseet. Før første bru ved Prestholmen ligg Flora Turlag sitt padlenaust/Dagshytte, ein avstikkar frå stien vert å ta.

Frå Kystmuseet går du vestover og opp til Brendøyvegen for så å svinge til venstre i Vågavegen og venstre ned Sørstrandvegen mot Sørstrand Folkepark.

Sørstrand Folkepark er eit offentleg friområde med universell tilkomst og utforming. Parken er i stadig utvikling og har kafe, sandstrand, turstiar over bruer og holmar, bål og grill samt sandvollybane.

God tur

Adkomst med egen bil

Start ved Flora Omsorgssenter, Kinnvegen 1A
Annonse

on the path