Høgsetstølen ligg spesielt vakkert til med stor og opa utsikt vestover. Når du står på den idylliske støylstomta ser du Vettreiene nærast saman med Åsvatnet, Åsane, Movatnet, Kusslia, Sunde og Storehesten og Blæja som eit stort fjellmassiv lengst ute mot vest.
Turen startar i Stølsvika ved velteplassen rett ved Holsavegen. Gå skogsveg oppover i nordleg retning mot Viskedalselva. Her møter du eit skilt der det står retning for tur vidare til fjellet Halvgjerda og Høgsetstølen. Ta inn på stien til nordaust som fører oppover til Høgsetstølen via Brekka. Stien er ikkje merka, men den er tydeleg og god å følgje der den går rett sør for Viskedalselva.
Omtrent halvvegs går du gjennom opninga i eit steingjerde. Herifrå og opp er det mange fine utsiktplassar. Etter gjerdet er det ei lita flate før ein litt bratt bakke. Den er ikkje så lang, og har god sti å gå på. Det vert etter kvart slakare stigning der stien går i fine svingar i ope beitelandskap opp mot støylen. Denne delen har enkelte plassar der det kan vere noko blautt å gå. Like før støylen står skiltet med Høgsetstølen på. Her heng også ei grøn postkasse med bok i der du kan skrive namnet ditt. Det er kort veg vidare opp til støylshusa frå postkassa.
Tips
Sør for støylen går det sti opp den bratte fjellsida og opp på Høgsetfjellet.
Det går også sti opp til Halvgjerda. Denne startar der turen til Høgsetstølen startar. Det går også ein sti frå Høgsetstølen i lia nordvest for støylen. Denne stien har tidlegare vore merka. For å finne denne stien må du ta deg over Viskedalselva på brua på støylen. Brua finn du litt nord for støylen.
Det går ein delvis merka sti innover dalføret i nordaustleg retning. Denne passerer Fossavatnet og går vidare opp på Stølverlifjellet. For å finne denne stien må du ta deg over Viskedalselva på brua på støylen. Brua finn du litt nord for støylen.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
I Stølsvika ved Holsenvatnet tek du av frå Holsavegen. Her er det ein velteplass for tømmer der du kan parkere. Parker slik at du ikkje er til hinder for verken trafikk og skogsdrift.