Kvart år inviterar DNT landets 8. klassingar på tur!
Oppturdagen 2025
OPPTUR er ein nasjonal turdag med flotte naturopplevingar, fysisk aktivitet og sosialt samvær utan fokus på konkurranse.
Første gong arrangert i 2006 og Flora Turlag har vert med frå starten. Elevar frå 8. klasse på Flora Ungdomsskule, Eikefjord barne- og ungdomsskule og lærarar deltar.
Undervegs i løypa er det aktivitetsstasjonar. Undervegs har ein klasse frå Flora Vidaregåande 2 IDA ulike utfordringar til elevane. Du vil finne dei på Nybømarka, Ballbingen, Tofleskaret og på Toppen. Torvmyrane skule 7 klassinger deler ut energipåfyll med frukt frå Kiwi og oppmuntrande ord før siste stykket mot toppen. På toppen av Bransøyåsen er det registrering hos Turleiarane frå Flora Turlag og du får eit DNT Nøkkelband.
OPPTUR løypa startar frå Flora Ungdomsskule. Du går stien langs Litlevatnet mot Flora Omsorgssenter. Kryss vegen og gå langs Storevatnet mot symjehallen Havhesten.
Ved symjehallen Havhesten kryssar du hovedvegen, går langs kanalen og opp bakken over høgda på Nygård. Du kjem ned til Nybøvegen. Gå til venstre og vegkrysset, ta inn til høgre og følg vegen sør for husa. Gå opp grusvegen til den lille bakketoppen, ta til høgre og gå grusstien gjennom skogen oppover mot Fagerdalen. Det kjem også ein sti inn fra Dyreholtvegen. Vidare over til Fagerdalen, der kjem det ein sti til opp frå Dyreholtvegen. Her tar du til høgre og går den grusa stien til endes og du nærmar deg parkeringsplass.
Ved parkeringsplassen tar du av til venstre og opp skogsvegen eit stykke. Der den svingar mot høgre, går du rett fram og ut på stien i terrenget. Følg stien / hovedtråkket oppover. Her kjem også stien frå Krokane Skule opp. Du går på høgre sida av ballbingen rett før Torvmyrane Skule. Kryss bilvegen og gå vidare på utsida av gjerdet på venstre side av skulen og følg den vanlege stien opp til toppen av Brandsøyåsen. Halvvegs og rett før den bratte stigninga kjem stien opp frå Solheim i Tofleskaret.
På Toppen har ein flott utsikt over øyane og fjellheimen innover. Siste høgda før toppen, ta til venstre og her finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå. Det er også gapahuk på toppen.
Sporet på kartet er gått 04 02 24
God OPPTUR!