Fottur fra Vefjell via Smørdal, Lialoftet og Selivarden

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,6 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 353 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar øvst på Vefjell. Parkering på snuplassen (ikkje torsdagar, då må bossbilen ha plassen til å snu). Ein kan ellers parkere langs vegkanten der det er mogleg. Turen kan også startes frå Smisvingen (litt lenger nede i vegen opp til Vefjell, følg skilt og raude merker), eller frå Smørdal (følg grusveg opp, følg skilting og merking vidare).

Frå Vefjell: Følg vegen forbi øvste hus og opp traktorveg, og videre gjennom første grinda. Det er tamme geiter og sau på beitet, lukk grindene og ha hund i band. Ved fyrste grinda: Følg skilt til Smørdal (opp til venstre), og følg raude merker til Smørdal og vidare til Lialoftet og Selivarden.

Turen er godt skilta.

Turen startar på fin sti gjennom skogen, og går vidare opp i fjellet. Lialoftet er eit flott utsiktspunkt mot Austfjorden, Masfjordfjella og Veland, og er ein fin tur i seg sjølv.

Videre går det merka løype til Selivarden, som er det høgaste punktet (395 m.o.h). Her har du ei flott utsikt 360 grader rundt, frå havet i vest, Salhus og byfjella i sør, Mongstad i nord og Masfjorden i aust.

Går ein eit stykke langs fjellryggen mot nord, kan ein følge ei kortare løype ned igjen til Vefjell. Denne er også skilta og merka.

Hugs godt fottøy, det kan vera blaute parti. Vanskelig å gå dersom det er snø.

Annonse

on the path