Fottur rundt Austavatnet

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,8 km
  • 1 t
  • Rundtur
  • 54 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Parkér ved bommen der grusvegen mot Hodnelia startar eller ved Nordavatnet. Her er fleire plasser du kan starte turen. Nokre hundre meter etter bommen kan du ta ned til venstre, ned bakken og inn i skogen. Eller du kan ta den vanlige bilvegen nesten heilt ned til fiskeoppdrettet, så til venstre inn i skogen . Følg stien rundt dette nydelege vatnet til du kjem på skogsveg. Pass på å ta til venstre (merke i eit tre) og inn i ein skog frå skogsvegen. . Der du ser ein liten båt i vannkanten finn du eit langbord med benkar litt opp og til venstre. Denne kan brukast, fint å ta turnista si her. Denne stien endar på grusvegen der du byrja. Lett tur, ca ein time. Dette vatnet er veldig fint å padla i, bada og stå på skøyter på om vinteren.

Adkomst med egen bil

Kjør frå Vågseide mot Sævråsvåg, og videre mot Myking. Vegen m/ bom finn du på venstre sida av bilvegen. Her kan du parkere i kanten av vegen.
Annonse

on the path