Ein nydelig tur med flott utsikt og bademuligheiter i turkise fjellvatn!
Turen startar på Nesstøylen i Kandal og går først litt nordover og så til venstre og bratt opp på høgre side av elva frå Støylsfjellet. Det er litt utfordrande klyving øverst oppe langs elva før terrenget flatar ut ved ca 950 m. Ein kryssar elva på flata etter klyvinga og går rett mot Storevarden. ( Kanskje det beste er å gå oppunder fjellet og krysse elva der, sjå deg rundt og vurder, dette kan ha med kor stor elveføringa er).
Returen går på denne turen ned i Sørsendalen og tilbake til Nesstøylen.
Heile turen går i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Kart 1:50 000 - Ålfotbreen.
Om ein ikkje ønsker å gå opp på Storevarden, kan ein fint følge stien langs elva frå Nesstøylen inn til Sørsendalen (dei turkise fjellvatna) og ta lunsjpausen her før ein returnerer same veg.