Såtefjellet - rundtur

Legg til huskeliste
Annonse

Såtefjellet byr på "speglvendt" utsikt i høve utsikta frå Tverrfjellet på Lunde. Med andre ord; Såtefjellet byr på nydeleg utsikt innover Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden!

Ruta som er laga startar og endar på parkeringsplassen ved skogsvegen. Frå parkeringa går du utanfor sti i noko småkupert terreng opp til ryggen av fjellet. Her opnar al...

Adkomst med egen bil

Ta av E39 rett vest for Helgheimskyrkja. Forbi gardstuna kjem du til skogsveg. Betal ved bom. Det er ofte elektriske gjerder på vegen oppover, der det går storfe. Det er svært viktig at du let desse godt att etter deg. Skogsvegen er noko bratt , og har einskilde parti som kan vere utfordrande å passere dersom bilen er for låg. Det er fordel med bil som er litt høg og har 4-hjulstrekk opp skogsvegen. Du køyrer skogsvegen på eige ansvar. Det er laga til fint parkeringsområde ved enden av skogsvegen. 

Annonse