Denne turen startar ikkje så lang frå Astruptunet, og tek deg med inn i ein av dei idylliske dalføra i grenda Sanddalen. Bjørndalsstøylen er ein støyl med mange flotte støylshus som ligg utover eit ganske stort støylsområde. Inne ved Styggevatnet ventar utsikt opp mot svarte bratte fjellsider og høge toppar på deg.
Turen startar ved Jølstravatnet med sti i skogsterreng langs Bjørndalselva. Eit stykke oppe går du over på skogsveg som du følgjer til endes rett før Bjørndalsstøylen. Etter å ha passert støylshusa går du på sti søraustleg retning oppover mot Styggevatnet. Stien ligg i eit område der det er ein del myrlendt terreng. Dette medfører at stien kan vere utfordrande å finne enkelte parti. Terrenget er oversiktleg og fint å gå i heile vegen, og du skal kunne sjå spor etter eldre raude merke frå ein tidlegare fjelltrim. På veg oppover passerer du små grover og elvefar, og har utsikt opp mot Isvassnipa og Styggevassegga.
Tips
Om du ikkje ønsker å gå på sti i starten av turen kan du gå på skogsveg heilt nede i frå vatnet og opp mot støylen. Skogsvegen startar eit stykke aust for grushola, i retning mot Astruptunet.
Det går ei bru nedanfor støylane som tek deg over elva som kjem ned frå Styggevatnet og Fagrevatnet. Det går ein eldre sti også opp til Fagrevatnet. På grunn av myrterrengett kan denne også vere utfordrande å finne i starten. Men føl du ryggane vest for Fagrevasselva vil du etterkvart kome inn på stien som tek deg opp til Fagrevatnet.
Fakta
Heile turen er på omlag 12 km t/r og 750 høgdemeter. Tid: 4 timar ein veg, 6-7 timar t/r.
Du er komen omlag halvveges, og tatt rundt 450 høgdemeter, når du er komen opp til Bjørndalsstøylen.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Køyr Nikolai Astrups veg på sørsida av Jølstravatnet. Turstart ved groshola i Sanddal. Dette er rett vest for Astruptunet.