Dette er ein enkel og flott tur i vakre Gjesdalen, der du får oppleve to av dei tre støylane i dalføret. Det er god sti heile vegen i enkelt terreng. Her kan du sjølv bestemme lengda undervegs på turen. Om du ikkje vil gå heilt inn til Gjesdalsvatnet er det flotte turopplevingar å berre gå til Gjesdalsstøylen og Søstestøylen.
Turen startar på parkeringsplassen på Trinta. Etter å ha gått i omlag 500 meter på sti kjem du til Gjesdalsstøylen. Frå her følgjer du god sti vidare i søraustlig retning innover dalen. Undervegs møter du nokre små bekkefar som du passerer. Når du nærmar deg Insteelva, som renn nedanfor Søstestøylen, følgjer du stien ned ein bratt bakke mot elva. Gå over elva på ei brei og god bru før du tek deg opp ein litt bratt bakke som fører deg opp til Søstestøylen.
Frå Søstestøylen går du i retur over brua og opp att den bratte bakken du gikk ned. Her kjem du inn att på stikrysset. Du går så i austleg retning på sti som går på sida av elva. Stien har jamn og lett stigning over myrlendt terreng heilt inn til Gjesdalsvatnet. Frå Søstestøylen til Gjesdalsvatnet kan det vere ganske vått etter periodar med mykje regn, og om våren i vårløysinga.
Tips
Det er gapahuk ved Gjesdalsvatnet. Denne er open for alle å bruke. Denne ligg nokre meter på stien dersom du går vidare innover mot vatnet. Her er det laga til med benkar, bålpanne og anna enkelt friluftslivsutstyr. Det går an å overnatte i gapahuken dersom ein har med seg sovepose og anna overnattingsutstyr.
Du kan følgje sti vidare på nordleg side av Gjesdalsvatnet og gå over skaret og ta deg ned til Sanddalen. Denne ruta er og vanleg å gå som fjellskitur. Det er vanleg å starte fjellskituren i Sanddalen og gå ruta ned att til Gjesdalen.
Det går ein gamal og lite brukt sti frå Gjesdalsvatnet og opp mot Støylsfjellet og Middagsfjellet. Om du finn denne kan du ta deg ned att til parkeringa på Trinta via stien til Middagsfjellet.
Fakta
Trinta - Gjesdalsstøylen: Omlag 500 meter ein veg. Tid: 10 minutt.
Trinta - Søstestøylen: Omlag 2 km ein veg. Tid: 1 time.
Trinta - Gjesdalsvatnet: Omlag 4,2 km ein veg. Tid: 2 timar.
Hugs:
Turen er lagt ut av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster
Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Her tek du av opp Gjesdalsvegen. Følg denne til øverste gardane der du køyrer inn på skogsveien som ligg aust for Gjesdalselva. Betaling for å køyre på skogsveien er med Vipps. Køyr skogsveien til endes og parker på parkeringsplassen på Trinta.